Kortreist: Komande matprodusentar i gang med hausting (og prøvesmaking). Jannik Traavik Mennen (t.v), Johannes Helgason og Kent Jørgensen tek med grønsaker på Dyrsku’n. Dei meiner internett med Youtube-videoar har vore med å gjera landbruket kult og moderne.

– Landbruk har blitt kult igjen, meiner jordbrukselev Jannik Traavik Mennen. Marknadshagar, med kort veg frå åker til kokkekunst, er ei forklaring. At landbruket sit med viktige brikker til klimaløysing, er ei anna.

Anne Rivenes,
frilansjournalist

Rektor Aksel Hugo ved heiløkologiske Sogn Jord- og Hagebruksskule gler seg over stappfulle klassar med økointeresserte elevar. 54 elevar totalt er rekord i alle fall dei siste ti åra, kanskje det meste nokon gong. Han trur oppsvinget har fleire årsaker.

– Klima og miljø har blitt noko alle er opptekne av, ikkje berre eit tema for dei få. Elevane våre kjem frå heile landet, og har ofte snakka med andre som har gått her før. For elevane er det attraktivt at me held på med noko handfast, ikkje berre akademisk, men også praktisk arbeid med ost, jord, grønsaker og kjøt. Utdanninga er allsidig, og det tiltalar elevane å prøva ut forskjellige ting før dei spesialiserer seg, seier Hugo.

Frå nisje til alliansebygging

At liv og lære heng saman, er avgjerande. For skulen fortel ikkje berre om berekraftig utvikling – den er også aktiv produsent og samfunnsaktør.

– Skulen startar eit nytt kapittel, som gjer oss meir relevant i samfunnsomstillinga. Dei første 30 åra etter omlegging til økologisk drift og undervisning, var oppgåva å laga noko alternativt, ei nisje for økologisk landbruk. Den jobben er gjort. No er oppgåva å jobba breiare, og med alliansar inn mot det grøne skiftet. Til dømes kjem konvensjonelle bønder til oss for å læra metodar for karbonfangst og jordforbetring. Og me samarbeider med Lærdal Grønt om å finna meir berekraftige sals- og distribusjonsapparat, slik at ikkje frukt og grønt må fraktast først til Oslo og deretter tilbake til Vestlandet, seier rektoren.

Vise breidda i norsk landbruk

I åkeren er vg3-elev Jannik Traavik Mennen i gang med å hausta gulrøter, betar og mangold som skal buntast og gjerast presentable til Dyrsku’n. Økologisk Norge har invitert skulen til felles stand.

– Dyrsku’n er julaften for landbruket. At me som økologisk aktør er representert mellom alle dei svære maskinene og høgtytande dyra, viser mangfaldet og breidda i norsk landbruk. Me er ein del av landbruket, ikkje ein motsetning eller på sida av, seier Jannik.

 

Tett på: Marknadshage er ein effektiv måte å dyrke grønsaker, med tett planting, interne vekstskifte og direktesal til kundar.

Bynær grønsakdyrking

Økoelev Jannik er glad for at jordbruksskulen i Aurland no vinklar meir på det regenerative landbruket, med karbonbinding og jordfruktbarheit, noko også det konvensjonelle landbruket viser aukande interesse for. Han vil driva bynær grønsakdyrking, og synes det er ekstra kult at skulen har laga marknadshage.

– Me ynskjer å inkludere marknadshagen endå meir i undervisninga. Trenden seier at direktesal til forbrukaren er aukande, seier hagebrukslærar Monica Gjesdal Larsen. Ho viser til Rekoringen, ein ny salskanal som passar produksjonsvolumet til vestlandske grønsakdyrkarar.

Marknadshage med hotellsenger

– Konseptet marknadshage kjem frå USA med ”Market Gardening”. Ein marknadshage har smalare bed, standardiserte lengder på sengene og tettare og meir intensiv planting. Den er etablert for å vera på same stad i fleire år, med internt vekstskifte. Hagen skal liggje nært, med lite jordarbeiding, slik at alt kring grønsakdyrkinga vert effektivisert. Vestlandet er ikkje tradisjonelt grønsakdyrkeland, men denne måten passar vårt volum, og det er lønsemd i det, forklarer Monica Gjesdal Larsen.

Nytt av året er ”hotellsengene” som Fretheim Hotel i Flåm har kjøpt hos jord- og hagebruksskulen. Det blir eit slags andelslandbruk, der hotellet i forkant av sesongen seier kva sortar dei ynskjer seg, og så dyrkar skulen dette i eigne senger i marknadshagen.

– Me starta i år med fire hotellsenger, og utvidar tilbodet neste år. Det er ein utviklingstrend at gourmetrestaurantar vil ha direktekontakt med ein bonde, seier hagebrukslæraren.

 

God skule-reklame på Dyrskun: Frå venstre, elevane Jannik Mennen, Thomas Tichelkamp, Jenny Hernes, Elisabet Slåtta Thomsen (foran), og lærarane Monica Gjesdal Larsen og Bjørg Fritsvold. Foto: Nora Mathilde Fjeldkåsa

Mangfald og berekraft

Mathias Hjelle er bygut frå Trondheim og fersk elev på jordbruksskulen i Sogn. Medan far hans flytta frå gard til by, vil han sjølv gå andre vegen.

– Det er naturleg for meg å dra tilbake til røtene, finna ut kor maten kjem frå, og leva mest mogleg miljøvenleg, seier Mathias. Aldri før har han opplevd ein skule der alle fylgjer med og er interesserte absolutt heile tida.

Kaarina Borud har jobba fleire år i økomiljøet i Oslo, og synes det er gøy med full klasse når ho sjølv startar på jordbruksskule. Og at interessa for økologisk landbruk er aukande, skjønar ho godt.

– Økologisk landbruk bidreg til vekstskifte, diversitet og karbonlagring i jord, mykje som me ikkje ser direkte, men som bidreg til å betra klimaet. Berre tenk på biene og andre pollinerande insekt, som trivst i det økologiske landbruket. Rein mat, det er det aller viktigaste, slår Kaarina fast.

Stikkord denne saka: , ,