Årsmøte i Rogaland Bondelag

Rogaland Bondelag vil at fristen for å utfase båsfjøs vert fjerna.

Kvifor rive gode fjøs? Det er spørsmålet medlemmene i Rogaland Bondelag stiller i ein av resolusjonane frå årsmøtet.

 

Jofrid Åsland

 

«Dette er ikkje ein dato du har fått for å bygge nytt fjøs, men ein dato når tid du skal gi deg som mjølkeprodusent», er eit utsegn tilsette og tillitsvalde i Rogaland Bondelag har fått frå fleire medlemmer.

Lausdriftskravet bankar på fjøsdørene om ni år, og inneber at mange må bygge om eller slutte av drifta.

I resolusjonen står følgjande: «Årsmøtet i Rogaland Bondelag vil at fristen for å utfase gode og velfungerende båsfjøs opphører. Mange av disse fjøsa er velholdte og ivaretar dyrevelferden. Målet om lausdrift oppnås ved et krav om at alle nye fjøs som bygges skal være lausdriftfjøs.»

I fagartikkelen i Bondevennen nummer 12 vil Torfinn Nærland skrive om investeringsbehovet for å møte lausdriftskravet. Basert på tall frå Kukontrollen kjem om lag halvparten av mjølka, som vert produsert i Rogaland, frå eit laudriftfjøs. Nærland kalkulerer at det er behov for å bygge om lag 16.400 nye kubåsplassar for lausdrift i fylket for å tilfredstille lausdriftskravet. (Les meir om dette i fagartikkelen neste veke.)

Om regelverket:

  • Frå 22. april 2004 vart det innført krav om lausdrift for alle nybygde fjøs. Ved omfattande restaurering av båsfjøs slo kravet om lausdrift inn.
  • Båsfjøs bygd før 1. januar 1995 har krav om overgang til lausdrift innan 1. januar 2024.
  • Båsfjøs bygd mellom 1. januar 1995 og 22. april 2004 har krav om overgang til lausdrift innan 1. januar 2034.
  • Storfe på båsfjøs skal ha fri bevegelse om mosjon på beite i minimum 16 veker. (Dispensasjonsordning: Inntil fire veker om dei klimatiske forholda er vanskelege.)

 

Rogaland Bondelag vedtok fleire resolusjonar under årsmøtet:

«Vegutbygging: Ei brikke for å bevara matkammeret. Viktige samferdselsårar , som E-39 og E-134, må leggast i trasear som i størst mogleg grad unngår å ta matjord. E-39 er den viktigaste vegen i Sør-Rogaland. Alternativ trase som er foreslått av Rune Gjedrem vil gå over store deler av Høg-Jæren og vidare mot Flekkefjord. På denne strekninga vil det også gå med dyrka jord, men i langt mindre grad enn å byggja ny motorveg langs nåverande E-39. Endå viktigare er det å sjå på kva ein eventuelt ny trase kan utgjera for å bevara matjorda på Jæren. Folk buset seg nærare ny veg, som då vil vera fjellgrunn. Årsmøtet vil be sentrale vegmyndigheter om å utrede ny trase for E-39, og bidra til at den pågåande utbygginga av E-134 foregår med matjord i tankene.»

«Pelsdyrnæringa – et gode: Årsmøtet i Rogaland Bondelag vil ha en fortsatt norsk pelsdyrnæring. Norsk pelsdyrnæring er en lønnsom og bærekraftig produksjon som styrker verdiskapningen i landbruket.»

«Forsking og kunnskap gjer trygg mat. Rogaland Bondelag støtter opp om NMBU Høyland og den rollen dei har i utdanning av dyrehelsepersonell, samt deira rolle innan forsking og utdanning av humanmedisinarar gjennom prosjektet SEARCH (Sandnes Education and Research Center Høyland). Forsøksgarden spelar ein viktig rolle for dyre- og folkehelsa. Forsking og kunnskap gjer friske dyr og trygg mat.»

Stikkord denne saka: ,