Godt produsentmiljø: Ragnhild Reime Horpestad, frå Hå Rugeri, og rugeeggprodusent Nils Husveg, løfter fram eit godt produsentmiljø. – Dei er flinke til å gjere kvarandre gode, seier Reime Horpestad.

Nils Husveg, rugeeggprodusent på Varhaug i Hå, kan visa til produksjonsresultat i verdstoppen.

Jane Brit Sande

I hønsehuset står 7500 høner og 600 hanar av rasen Ross 308 frå skotske Aviagen, og kaklar i kor. Dei er 27 veker gamle, og egglegginga starta så smått for to veker sidan. Det er det førre innsettet som er stjerna i historia. Fjorårets innsett hjå Nils Husveg produserte 165 levande kyllingar per innsett høne. Snittet i verda ligg på kring 150.

Same kriteria

Ross 308 er å finna i hønsehus over store delar av verda. Når resultata skal målast, er det sjølvsagt etter dei same kriteria.

– Alle produsentar tel hønene når dei er 24 veker gamle. Dette talet, pluss talet på levande kyllingar frå innsettet, er grunnlaget for produksjonssnittet når innsettet blir slakta ut, forklarar Husveg.

– Utviklinga i rugeeggproduksjonen har skjedd fort. For berre ti år sidan var det heilt utenkeleg med stort meir enn 140 kyllingar per høne. No er målet å slå mitt eige resultat, seier Husveg.

Nok næring og stabilt stell

Husveg er ikkje redd for å dela kva han gjer for å få eit godt produksjonsresultat.

– Det er primært fôringa som skil seg ut hjå meg, samanlikna med kva som er praksis hjå andre bønder eg har snakka med, seier han.

– Frå innsett til topp på verping, gir eg meir fôr. Andre produsentar er redde for at hønene blir for store, og det er ein balansegang. Eg har prøvd meg fram til noko som fungerer hjå meg. Hønene verper meir, og har ikkje problem med for store egg. Eggeproduksjonen tek mykje næring frå høna, så ho må ha litt å gå på, seier Husveg.

Trass i raus fôring, meiner Husveg han fortsatt er i nedre sjiktet kva gjeld totalt fôrforbruk per innsett.

– Hemmelegheita er fôr på rette tida, seier han.

Husveg går i hønsehuset sjølv – kvar einaste dag.

– Det er ikkje rom for at noko går galt. Fôring, vatn og miljø må vere riktig. Eg følger heile tida med på ventilasjon, lys og strø. Det er viktig med stabilitet, slår han fast.

Rekordresultat: Fjorårets innsett produserte 165 levande kyllingar per innsett høne. Snittet i verda ligg på kring 150.

Takkar produsentmiljøet

Husveg er ein av 19 rugeeggprodusentar i Hå Rugeri. Han skryter av godt produsentmiljø.

– Det er full openheit om produksjonsresultat. Eg har jamleg kontakt med andre rugeeggprodusentar og oppala, seier han.

Ragnhild Reime Horpestad, frå Hå Rugeri, er samd med Husveg.

– Produsentane er flinke til å gjere kvarandre gode, seier ho.

– Dei har alle evna til å tenke sjølv, å ta kunnskapen med seg inn i hønsehuset, og å finne ut kva som fungerer og ikkje fungerer hjå dei sjølve, seier Reime Horpestad.

 

Stikkord denne saka: ,