Rask og positiv behandling: Radøy kommune trengde berre ei veke på å fatte positivt vedtak då Jonny Soltveit søkte om el-felås over den kommunale vegen.

Køyrer du forbi garden til Jonny Soltveit på Radøy, må du sjå opp for kyr i fri flyt over vegen.

Liv Kristin Sola

Då Jonny Soltveit bygde på fjøset og auka buskapen i fjor haust, bestemte han seg for ein ting: Sjølv med mjølkerobot, skal kyrne framleis gå på beite. Problemet er at halvparten av beitearealet ligg på andre sida av den kommunale vegen, og bonden treng all slåttemarka til vinterfôr.

Jonny surfa på nett og fann ei løysing – ein elektrisk felås. Vegen som skil fjøset og beitet er kommunal. Bonden forfatta ein kort søknad og teikna dei to felåsane inn på kartet. Ei veke seinare kom svaret:

«Løyve til å montere ferister slik søkt om vert gjeve. Me tek atterhald om at ristene kan verta kravd fjerna på kort varsel om det oppstår hendingar eller kjem inn meldingar om ulukker relatert til ristene.  Dette fordi me ikkje har erfaring eller kjennskap til korleis slike rister vil fungere der det også ferdast folk.»

Jonny skryt av kommunen si effektive handtering av søknaden og positive haldning til landbruket. No må det seiast – at vegen som passerer garden til Jonny, er ein typisk bygdeveg som er lite trafikkert.

– Kva om kommunen hadde sagt nei?

– Eg var nok litt stor i kjeften, men var ikkje i tvil om at eg skulle få det til. Så eg hadde nok gjort det uansett, seier Jonny.

Han har lagt ut to straumførande element på kvar side av den 2,5 meter breie passasjen. På asfalt må han i tillegg ha to jordingsplater. Det trengst ikkje på grusveg, ifølgje Jonny. Elementa er lagt rett på asfalten, festa med franske treskruer i plastpluggar og kan enkelt tas vekk. Straum får dei frå gjerdeapparat.

– Og prislappen?

– 4.450 kroner meteren, seier Jonny.

Enkelt og effektivt: Porten står festa i to rundballekjernerøyr som er støypt ned i bakken. Ei enkel ordning som lett kan fjernast om vinteren.

Dresserte kyr

Jonny finn fram telefonen og viser ein film han tok første dagen kyrne skulle passere.

– Som perler på ei snor, seier bonden nøgd.

– Alt har gått etter planen, eller….

– Det var ei ku som prøvde seg. Naboen ringde og ga beskjed om at ho var i pote-hagen, innrømmer Jonny. 

Elles er det berre godt å høyre frå naboane. Folk kan passere felåsen med vanleg fottøy. Er du barbeint eller har hund, kan du nytte grinda. Jonny har grusa ein liten meter inn på beitet slik at gåande kan passera. Bonden likar å utfordre seg sjølv, og prøve ut nye prosjekt. Men kva han har i tankane neste gong, vil han ikkje ut med.

Stikkord denne saka: , ,