Ikkje venstrehandsarbeid: Mange av bøndene som fann vegen til Gjesdal på kalvekurs, er bønder med lang erfaring og gode rutinar. Likevel kan det gå gale og kalvane vert sjuke. Då kan gode råd frå vårt naboland i sør, eller frå sidemannen på kurset, vere gode å ha med seg heim.

…så får kalven diare. Kvifor er det slik? Og kan du i det heile tatt unngå det?

Liv Kristin Sola

– Det er mange som slit med diare på kalvane. Somme mister mange kalvar, og rotavirus og kryptosporidiar er ofte ein del av sjukdomsbiletet, seier veterinær Kay Arne Aarset.

Nettopp difor tok han initiativ til einfagdag med fokus på diare på kalv. Påmeldinga vart fullteikna kort tid etter at den vart annonsert på Aarset si Facebookside. To tredjedelar av dei femti som fann vegen til Gjesdal Bygdahus tysdag i førre veke, var damer.

Frisk kalv = god ku

Aarset hadde fått med seg ekspertise frå Danmark. Henrik Læssøe Martin er også veterinær, og er blant dei fremste på kalverådgiving i danske Seges.
Særleg kryptosporidiar vart eit viktig tema denne dagen. Desse eincella organismane som etablerer seg i kalven, og gir diare.

– Infiserte kalvar skil ut millionar av kryptosporidiar gjennom avføring. Kalvane sjølve er dermed si eiga verste smittekjelde, seier Martin.

Nettopp difor er det så viktig å halde smittepresset nede og vere spesielt nøye med hygiene og godt reinhald. I tillegg er det viktig å gi kalven mykje mjølk.

Kay Arne Aarset (t.v.) og Henrik Læssøe Martin

– Alle kalvar har eit stort genetisk potensiale, difor er mykje mjølk ei god investering. Høg tilvekst er viktig fordi små kalvar er mindre motstandsdyktige enn større kalvar, og fordi kalvehelsa har stor effekt på seinare tilvekst, på avdrått og holdbarheit, og dermed også økonomien i besetningen, seier Martin.

Han minner om at effekten av god fôring er større målt i tilvekst på ein kalv enn på ei kvige. Du får altså mykje for pengane når du steller og fôrar kalven godt.

Vil motivere til godt kalvestell

Fagdagen var eit privat initiativ frå Aarset. Målet var å fokusere på kalvehelse, og samtidig motivere dei som legg ned ein stor innsats for å ha friske kalvar, men som likevel opplever problem og motgang.

– Kan vi holde kalvane friske, bygger vi gode produksjonsdyr som i større grad held seg friske gjennom heile livet, seier dyrlegen.

Ein frisk kalv betyr også mykje for humøret til røktaren, og ikkje minst for økonomien på bruket.

– Kva er den største utfordringa i kalveholdet på Jæren?

– Utfordringane er ganske gjengs over heile landet. Og i resten av verda, for den skuld. Kalvestell krev at du er hundre prosent til stades. Vi må tenke på at vi arbeider med små, sårbare individ. Den som steller kalvar bør vere den mest omsorgsfulle personen på garden. Det er ikkje nødvendigvis den med mest erfaring, seier Aarset.

For det finst ingen snarveg til friske kalvar, og like viktig; du må begynne med sinkua.

– Det er viktig å forstå at grunnlaget for ein frisk kalv vert lagt lenge før den vert fødd, seier Aarset, og kjem med eit hjartesukk:

– Vi må erkjenne at dei som aller mest treng kunnskap og lærdom om kalvestell, vel å ikkje kome på kurs.

Stikkord denne saka: ,