BN+

Før og etter klassifisering: Figurane syner areal ute av drift i NIBIO si kartløysing, før og etter klassifisering. Skraverte areal i figuren til venstre syner at det ikkje er søkt produksjonstilskot på aktuell teig. Oransje areal er fulldyrka og overflatedyrka mark. Gule areal er innmarksbeite. I figuren til høgre er det lagt grøne (klasse 2), raude (klasse 3) og gule symbol, som syner kva for oppfølging kommunen skal ha. Gult symbol betyr at arealet er uavklart og kommunen må gjere meir undersøkingar av arealet før endeleg klasse kan settast. Kjelde: Nibio og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark


I Vestfold og Telemark syner statistikken at 11,1 prosent av jordbruksarealet i fylket kan vere ute av drift. Det vil Statsforvaltaren gjere noko med.


Jane Brit Sande


Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sparkar i gang eit omfattande arbeid for å kartlegga areal som det ikkje blir søkt om produksjonstilskot til. Ifølgje NIBIO sin statistikk ser mykje areal ut til å vera ute av drift. No vil Statsforvaltaren sette lys på årsakene til dette og arbeide for at meir av jordbruksareala blir tatt i bruk gjennom prosjektet «Areal ute av drift». Målet er at kommunane får betre kunnskap om areala slik at dei kan målrette innsatsen for å få areal attende i jordbruksdrift.


– Prosjektet er i tråd med oppdraget frå Landbruks– og matdepartementet om å følgje opp driveplikta, seier Helge Nymoen, landbruksdirektør i Vestfold og Telemark, til Bondevennen.

NIBIO sine kart

Arbeidet er basert på NIBIO si kartløysing som syner areal som kan vere ute av ordinær jordbruksdrift. For Vestfold og Telemark syner statistikken til at 11,1 prosent av arealet i fylket kan vere ute av drift. Variasjonen er stor frå kommune til kommune, i følgje Statsforvaltaren.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: