Trivast saman: Forbrukarane likar tanken på at ku og kalv går saman, og kalven likar det, men for bonden byr det på nokre ekstra utfordringar. Foto: Istock

Skal ku og kalv gå sammen?

22. april 2022

Kalven har godt av å gå med kua, men heilt enkelt er det ikkje.

Bothild Å. Nordsletten

Tema for Bondevennens nye podcast-episode tangerer ikkje berre husdyrfaget – det handlar også om store kjensler: Kuas morsinstinkt, og kjenslene til forbrukarar som blir stadig meir opptatt av dyrevelferd, for å nemna nokre.
60 prosent i Noreg seier no at dei bryr seg om korleis maten blir produsert. Det er grunn til å tru at ku og kalv får meir merksemd framover, seier programleiar Magnus Haugland.

Han meiner det er store fordelar med at ku og kalv går saman, men òg nokre ulemper. Og som vanleg, handlar det om god agronomi, skal du lukkast.

– I denne episoden får du gode råd om korleis du får friske kalvar med god tilvekst, som i sin tur gir meir robust og lønsam produksjon.

Krev oppfølging

Programleiarkollega Ingvild Luteberget Nesheim har invitert to ekspertar i vekas episode. Kari Marie Njåstad er mjølkebonde med erfaringar frå å lata ku og kalv gå saman, og også Tine-rådgjevar. Julie Føske Johnsen kjem frå Veterinærinstituttet og har vore prosjektleiar i «Smart calf care»-prosjektet, som ser på nye løysingar for å betra dyrevelferda.
Men det finst ingen «quick fix» for dyrevelferda. Det er ikkje berre å sleppa kalven til kua og så løyser alt seg, seier Luteberget Nesheim.
Som velferdstiltak må ku og kalv ilag, akkurat som lausdrift eller beiting, følgjast nøye opp for å fungera optimalt. Korleis du følgjer opp, snakkar me om i denne episoden.

Du finn Bondevennens podcast der du lyttar til podcast eller på bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,