Gleder: Elisabeth Kallevik Nesheim t.v. og Kristin Skare frå Vats Bygdekvinnelag skal spreie matgleder på Haugalandet saman med bygdekvinnene i Imsland og Tysvær.

Dei neste to åra skal Rogaland Bygdekvinnelag krydra Matfylket og dela matgleder med alle som vil gafla i seg.

Sjur Håland

På Varhaug skal bygdekvinnene laga fårikål- og komlemiddag saman med sambygdingar frå andre kulturar som har busett seg i Norge.

– I tillegg er planen å arrangera kurs i lefse- og flatbrødbaking for unge under 40 år, seier leiar i Varhaug Bygdekvinnelag, Oddbjørg Skrettingland, til Bondevennen.

Over all forventning

I desember fekk Rogaland Bygdekvinnelag 110.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen til føreprosjektarbeidet kalla Bygdekvinner deler matgleder. Kunnskap om kva som skjer i lokallaga innan fagfeltet mat, var hensikta. Eit halvt år seinare har kartleggingsarbeidet ført til åtte lokale prosjekt som er under vidare planlegging.

– Over all forventning. At me skulle få i stand åtte lokale prosjekt er heilt fantastisk, seier leiar i føreprosjektet, Astrid Lund Folkvord.

Astrid Lund Folkvord

Initiativa skal få det til å dampa frå gryter, komfyrar, groper og grillar rundt om i fylket når prosjektet skal gjennomførast i 2020 og 2021.

Gafla i deg

Rogaland Bygdeungdomslag har glupsk gripe moglegheita til å vera med bygdekvinnene.

– Me skal arrangera kveldssamlingar rundt om i fylket. Inviterte kokkar skal læra oss ungdommar korleis me brukar råvarer frå botn av for å laga gode matrettar, seier Marie Soma, fylkesleiar i Rogaland Bygdeungdomslag.

Soma stilte saman med Jonas Alvestad og Eilin Fossfjell på eit planleggingsmøte i Rogaland Bygdekvinnelag sin regi på Viste i Randaberg nyleg. Bygdeungdomslage sitt matgledebidrag er kalla Gafla i deg.

– Rogaland Bygdekvinnelag er ein viktig alliert for oss. Dette vart me gira på. Unge er nysgjerrige på mat. I matgledeprosjektet ser me også potensial i å verva nye medlemmar. Rogaland Bygdeungdomslag vil syna at det er mogleg å erstatta ferdigmat frå posar med lekre matrettar som er laga frå botn av, seier Soma. Ho fortel at eitt av desse kokkearrangementa blir halde på landsstemnet i Rogaland neste sommar.

Lammeskav i kebab

For Bjerkreim Bygdekvinnelag er det ikkje nytt å løfte fram tradisjonsmat. Ann Karin Hammer er nestleiar i styret. Ho fortel at deira lag legg opp til eit fellesarrangement med fem aktivitetar. Her handlar det om bålkurs, pølsekurs, konfekt, julemat og mat tilpassa menneske med ulike allergiar. Bygdekvinnelaga i Vats, Imsland og Tysvær går i hop for å spreia matgledene i Nordfylket.

– Me vil revitalisera og modernisera gammal kunnskap, seier Elisabet Kallevik Nesheim, leiar i Vats Bygdekvinnelag.

Arbeidstittelen deira er Lam i fortid og i framtid. Kurs i partering av lam, står på agendaen. Og, nyare rettar skal presenterast i samarbeid med 4H og kanskje kommunane sine skulekjøkken.

– Døme på ein ny rett kan vera lammeskav i kebab. Me treng å få fleire til å eta lam. Naturen tek overhand om me ikkje greier å halda nok sauer og lam på beita, seier ho.

Dei gode, gamle matrettane blir ikkje gløymde når nye generasjoner skal introduserast for bygdekvinnelaga sine matgleder.

– Me kjem til å slå eit velsmakande slag for til dømes fårikål og lammefrikassé. Dei rettane er det stadig færre som lagar sjølv, seier Kallevik Nesheim.

Når nye miljø

Astrid Lund Folkvord seier at føreprosjektet til hausten skal enda opp med ein ny søknad til Gjensidigestiftelsen om midlar til gjennomføring av prosjektet. Blant delmåla er å spreia kunnskap og erfaring innan fagfeltet mat.

– Bygdeungdommen og bygdekvinnene kjem gjennom prosjektet til å spreia matglede til nye miljø. I dette ligg eit mål om å få kontakt med fleire folk som me kan samarbeide vidare med, seier ho.

 

Stikkord denne saka: ,