
Avgift: Landbruks- og matdepartementet skal i tråd med Klimaplan 2021-2030 greia ut ei innføring av mineralgjødselavgift. Foto: Bjørn Georg Øie
Styresmaktene skal vurdera innføring av avgift på mineralgjødsel. Anders Rognlien i Yara er skeptisk og meiner den kan påføra norske bønder store utgifter.
Sjur Håland
– Me treng ikkje ei avgift som ikkje verkar. I staden trengst positive stimuli for å ta i bruk ny teknologi til presisjonslandbruk og energieffektivisering på gardane, seier Rognlien.
Frå Landbruks- og matdepartementet får Bondevennen stadfesta at ei utgreiing av mineralgjødselavgift er på trappene. Andre spørsmål vil dei ikkje svara på.
– Arbeidet har ikkje starta opp enda, så me kan ikkje seia meir nå, heiter det i ein e-post frå pressevakta i departementet.
Vil redusera lystgass
Oppdraget er varsla i klimameldinga, Klimaplan 2021-2030. Her kjem det fram at regjeringa vil greie ut effektar og konsekvensar av ei avgift på mineralgjødsel, og korleis ei slik avgift eventuelt kan innførast. «Føremålet med ei eventuell avgift skal vera å redusera utsleppet av lystgass», heiter det i klimameldinga.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






