BN+Gudmund Håkull inne blant sauene sine

Klar for å bygga: Tida er moden for ei opppgradering på garden til Gudmund Håkull. Han har søknad inne hjå IN Rogaland, og er spent på svaret. Foto: Jan Nordtveit


– Det er ikkje berre i mjølkeproduksjonen det er naudsynt med investeringar, seier sauebonde Gudmund Håkull.


Jane Brit Sande


Gudmund Håkull (31) er ein av fleire unge bønder som har sendt inn søknad til Innovasjon Norge (IN) Rogaland i samband med generasjonsskifte. Bonden driv med sau i eit ombygd mjølkefjøs på Skjold i Vindafjord kommune.


– No er tida moden for ei oppgradering på garden. Driftsbygningen er frå 1960-talet, og det er tungvint med fôring og alt som høyrer med stell av dyra, seier Gudmund til Bondevennen.


Les også:
IN druknar i søknadar 
Krev investeringspakke for mjølk 
Stor satsingsvilje, men snart er kassa tom 

Drøymer om å leva av sauen

Han har arbeid utanom garden, og vil legga opp til ein smidigare kvardag. Draumen er å ein dag kunne leve av sauen. Gudmund har 160 vinterfôra sau, og vil bygga sauehus med kapasitet til 240.


– Eg tok over for sju år sidan, så eg har vore med på både oppturen og nedturen i sauenæringa. Det er ikkje mogleg å leva av sauen no, men vonleg ein dag, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,