Ber om hjelp: Bønder over heile landet aksjonerer. I Klepp møtte ordførar Sigmund Rolfsen bønder frå Klepp og Bore Bondelag som hadde plassert bodskapen sin framfor inngangen til rådhuset. Ordføraren (nr. fire frå høgre) lovar å strekke ut handa – om partiet hans kjem i posisjon til hausten.

I går var «Brotet» eit faktum. Presset på Bartnes og Hoff vart så stort at dei ikkje hadde anna val enn å bryte, meiner Frank Tunheim og Jon Tore Refve.

Liv Krisitn Sola

Leiarane av Klepp og Bore Bondelag i Klepp kommune hadde håpa at staten ville satse på landbruket. At korona-pandemien hadde vist kor samfunnskritisk og viktig landbruk og matproduksjon er for landet. At klar melding frå taleføre bønder i #bondeopprør21 skulle synke inn hjå statsleiarane. Men nei. Bøndene er skuffa, skikkeleg skuffa. Og overraska. Bondelaget meiner tilbodet ikkje leverer korkje på inntekt, investering, struktur eller framtidstru.

– Eg hadde venta eit høgare tilbod, ikkje minst fordi at Krf spesielt, har signalisert at inntektsgapet skal tettast, kronemessig, seier Jon Tore Refve, leiar av Bore Bondelag.

Ber om hjelp

No vert det aksjonar. Utanfor hovudinngangen til Klepp Rådhus har Klepp og Bore Bondelag plassert ut fem rundballar med bokstavane HJELP. Frank Tunheim, som leiar Klepp Bondelag, er ikkje overraska over brotet, men opplever at det verkar positivt og samlande innad i næringa.

– Eg trudde politikarane hadde forstått, men det viser seg at det har dei ikkje. Då var det rett å bryte, og viktig at me gjorde det i lag med småbrukarlaget, seier Tunheim.

No er det viktig å halde trykket oppe og påverke politikarane både lokalt og nasjonalt.

– Det er godt å sjå det store engasjementet, ikkje minst blant ungdommen. Dei har innsett at det er deira framtid dette handlar om, seier bonden.

– Kva ventar du ved eit eventuelt regjeringsskifte?

– Eg trur ingenting lenger, eg kan berre håpe, seier Tunheim.

Forstår alvoret

Ordføraren i Klepp, Sigmund Rolfsen frå Arbeidarpartiet, møtte bøndene utanfor rådhuset under aksjonen.

– Brotet og det store engasjementet viser alvoret i situasjonen. Høgrepolitikken som har vore ført dei siste åra har utarma distriktslandbruket. Skal me klare å oppretthalde matproduksjonen må me sikre produksjon over heile landet. Då treng me ei endring av heile landbrukspolitikken, seier Rolfsen.

Han meiner det er ei auka bevisstgjering blant sine eigne partifellar, ikkje minst på Jæren, for dei utfordringane landbruket står midt oppi. Likevel hadde korkje han, eller dei andre ordførarane på Jæren gitt si støtte til #bondeopprør21. Dagen etter fekk Bondevennen følgjande e-post frå Rolfsen: «Kan i tillegg si at jeg i dag har blitt medlem av Bondeopprør 21.»

Håper på langtidseffekt

Ordføraren ser no fram til ein grundig landbruksdebatt på stortinget. Det same gjer bøndene. Men forventningar har dei ikkje.

– Løpet er nok kjørt i år. Det beste me kan håpe på er at brotet og frustrasjonen i næringa kan føre til betre oppgjer i framtida, seier Jon Tore Refve.  

Stikkord denne saka: ,