BN+Bilde av mugge som heller melk i et glass

Mjølk frå store og små: – Næringa er avhengig av at dei minste bruka held fram etter 2034, seier Arthur Salte. Bondelaget vil auke tilskotsprosenten til investeringar i dei minste mjølkefjøsa. Foto: Istock


– Somme meiner me går altfor langt, andre meiner me gjer for lite, seier Arthur Salte, mjølkebonde frå Klepp og styremedlem i Bondelaget sentralt, om dei nye kvotetiltaka.


Liv Kristin Sola


Nytt regelverk for nye samdrifter, tidsavgrensing for utleige av kvote, likestilt skattesats for sal og utleige av kvotar, og meir investeringsmidlar til dei minste bruka.
Arthur Salte har fått mange tilbakemeldingar etter at Bondelaget la fram nye kvotetiltak.


– Det er mange meiningar. Dei mest radikale vil til dømes forby kvoteleige. Men dei aller fleste er nøgde med at me no får nokre konkrete punkt å ta med vidare inn mot vårens jordbruksforhandlingar og eventuelt inn mot stortingsvalet til hausten, seier Salte til Bondevennen.


– Samstundes er punkta også lite konkrete?


– Ja, og det er bevisst. Me er opne for diskusjon, til dømes om kvotetaket. Me vil ta ned kvotetaket, men vil diskutere oss fram til kva som er eit høveleg tak, svarar Salte.

Rom for samdrifter

Bondelaget vil sikre samdrifter som driftsform, men nye samdrifter skal drivast etter eit nytt regelverk som per i dag ikkje er konkretisert. Regelverket skal utformast slik at det ikkje gir rom for spekulasjonar og kapitalinteresser.
Eksisterande samdrifter kan halde fram slik som i dag.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: