Tøffe typar: Ein flokk gammalnorsk sau frå flokken til Kringsjå sauesamdrift i Haugesund, med væren i front.

Sven Reiersen leiar avlsrådet til Norsk sau og geit. Han er sjølv sauebonde i Setesdal og har ein flokk kvit spæl. Her gir han ein kort gjennomgang av status for dei gamle  norske sauerasane.

Fellesnamn er spælsau-typer eller nordisk korthalesau. Fellestrekk er kort hale(spæl), ull med to ulike fibrar: Kort finfibra underull og lang, grovare dekkull. Med andre ord – ein mindre kjøttfull sau med lågare vaksenvekt enn NKS som vi kjenner den i dag.

Svein Reiersen, sauebonde og leiar av avlsrådet i NSG.

Felles genetikk

Alle dei nordatlantiske rasane er i slekt og det har vore utveksling av dyr mellom rasane opp gjennom historia. Dei gamle og den moderne kvite og farga spælsauen står relativt sterkt i dag. Villsauen eller The Old Norsesauen, tel over 60.000 individ. Gammal Norsk spælsau (GNS) har gått frå å være verneverdig til å telje over 10.000 individ. Den moderne, foredla spælsauen tel over 100.000 individ og er med i det organiserte avlsarbeidet med 24 væreringar fordelt frå Agder til Nordland. Det er spælsau i alle fylke og framtida for desse sauerasane ser lys ut.

For nokre sauehaldarar er det snakk om bevaring av rasen, for andre er sauen eit ledd i å skjøtte driftsmåtar og kulturlandskap. For dei fleste er det ei lønsam næring med kjøtt og ullproduksjon.

Norsk sauehald gir brukbar økonomi, gitt at dyra vert røkta på rett måte med tanke på tilgjengelige ressursar og kanskje med innslag av lokal foredling og sal.

Spælsauene er eit godt alternativ til NKS og er eit alternativ for mange “profesjonelle” sauebønder.

Forholdet kjøtt og ull

Kjøt er den dominerande faktor for økonomien og lett å sjå og avle på. Færre har eit forhold og kunnskap til ull, og ullas økonomiske verdi er mindre enn kjøt. Men alle sauer har ull og det er opp til den enkelte å utnytte verdien av ulla.

Det er stor forskjell i avrekningspris på kvit og farga ull. Ved stort innslag av farga ull må ein ta ut ein meirpris gjennom sal av skinn og lokalfordeling av ulla. Kvit ull vert betalt med opptil 50 kroner per kilo for klasse F1, som er kvit fellull av god spæltype, som har vakse i utemiljø i kring eit halvt år. Ein kvit spælsau med to lam og god ullkvalitet vil gje ei bruttoinntekt på 200 kroner i året.

i generell oversikt over verdien av spæl-ull av god kvalitet 

Ein vaksen sau med to kilo haust ull, F1, a kr 50 kg = 100kr.

Vårull vaksen sau: 1 kg B2 a kr 20 kg = 20 kr

To lam slakta med 1,0  kg F1 kvar a kr 50 kg =  100 kr,

I tillegg litt buk og lårull, H1, sum 1 kg a kr 20 kg = 20 kr.

Sum ull pr år og vfs = minst 200 kr.

 

Utgifter til klypping er kr 40 pr klypp av livsau, mindre på slaktelam, omlag 20 kr/dyr.

Sum utgifter til klypp 120 kr/år.

Netto ull pr vfs:100 til 120 kr/år.

Dette er spælull av god kvalitet. God NKS ull gir enda høgare pris. Farga ull gir negativt resultat på grunn av låg ullpris. F1S kr 30 kg per kilo, resten 1 kr. per kilo.

 

Ullkvalitet: Ulla blir klassifisert i ulike kategoriar. Her ein dommar under NM i saueklypping og ullhandtering. Foto: Jane Brit Sande.

Stikkord denne saka: ,