Gode prestasjonar: Arne Asbjørn Joa (t.v) og Petter Aarrestad (t.h.) vart heidra for kvar si 100-tonnar ku, medan Turid Mæland og Tor Helge Haugland fekk avlsdiplom for oksen 11914 Herikstad.

Presentasjon av eliteoksane, tildeling av avlsdiplom, og premiering av høgtytande kyr. Det var stinn brakke og god stemning på Geno-loftet under ope avlsmøte onsdag i førre veke.

Liv Kristin Sola

Ope avlsmøte på Særheim i Klepp har blitt ein populær tradisjon som samlar avlsinteresserte mjølkeprodusentar i regionen, tre gonger i året.

Hald optimismen oppe

Sufflert av sine kollegaer, Svein Egil Skartveit og Tore Joa, gjekk avlsrådgivar Lars Byberg Timpelen frå Tine, gjennom nye og etablerte oksar i oksekatalogen. Ikkje alt var dei like nøgd med.

– Gruppa er kan hende noko ujamn, men det er mykje bra i vente, meiner styremedlem i Geno, Ole Magnar Undheim.

Han viser til oksane som står på Øyer for å bli vurdert som eliteoksar. Undheim minner om at det er viktig å bruke avlsplanen og finne gode kombinasjonar til eigne dyr.

Avlsdiplom til 11914 Herikstad

Blant dei mange frammøtte, var det nokre som var spesielt invitert. Blant dei var Turid Mæland og Tor Helge Haugland frå Vigrestad, sør på Jæren, som fekk tildelt avlsdiplom for oksen 11914 Herikstad. Avlsdiplom vert delt ut til oppdrettarar av oksar som vert nytta som eliteoksar. Utmerkinga vert tildelt ein gong per okse. I tillegg til diplom, får oppdrettar ei krone per sæddose, solgt i Norge.

– Mora er ei høg og flott ku som framleis er i produksjon. Ho skal kalve om eit par månadar, seier Mæland.

– Ho har eit svært godt lynne, seier Haugland, og får eit samtykkande nikk frå avlsrådgivar Tore Joa.

11914 Herikstad har i skrivande stund 26 i avlsverdi. Han er fødd i september 2016 og er etter 11078 Gopollen. Morfar er 10617 Skei og mormors far er 10432 Velsvik.

– Dette er lynne på lynne på lynne med Velsvik, Skei og Gopollen i slekta. Han har i tillegg ekstremt gode indeksar for framjur og beinstilling, er god på tørrstoff, jurdjupne, jurfeste bak, og krysshøgd. Ein okse det er lett å bruke, summerer Tore Joa.

 

To 100-tonnere

I tillegg til avlsdiplom vart to produsentar heidra for kvar si ku som har passert 100.000 liter i livstidsproduksjon. NRFkyr som når denne milepælen får ei utmerking frå Geno i form av diplom og fem dosar valfri ordinær NRF-sæd.
Ku nummer 611 vart fødd 23. august 2007 hjå Årrestad samdrift, ved Petter Aarrestad. Ho har hatt ni kalvingar og produsert 12.364 liter i snitt per år. Då ho vart slakta i august i år hadde ho produsert 107.178 kilo mjølk. Kua var etter 5847 Skjervheim og morfar var 4755 Leikvoll.

– Skjervheim var ikkje ein mjølkeokse, men morfar Leikvoll var etter 3718 M Skjerve som hadde gode mjølkegenar, kommenterer Joa.

– Kua hadde flott eksteriør. Ho tok lett kalv, hadde fint jur, rett rygglinje. Sjølv om ho mjølka mykje, men vart ho aldri verken for tynn eller feit, seier Petter Aarrestad.

 

Helene frå Joa

Kua Helene vart fødd 4. august 2008 hjå Arne Joa d.y. I dag er det sonen Arne Asbjørn Joa som har overteke drifta og tok imot avlsdiplomet.

– Ei knakande god ku med sterke bein, knallsvarte klauver, og eit halvgodt lynne, seier Tore Joa.

– Ho overlevde på grunn av Tore som ville sjå ho passere 100.000, seier Arne Asbjørn Joa, og avslører at dei den siste tida måtte nytte ein 2 toms 4 for å få mjølka henne skikkeleg, men ei snittyting på 13.200 per år og ein livstidsproduksjon på 103.317 kilo fortel litt om kua.

Helene var fødd 4. august 2008 og hadde åtte kalvingar. Ho var etter danske 28003 R Censor og morfar var 5148 Heksem. Då kua vart slakta 28. juni i år, hadde ho ein mjølkeindeks på 119 og ein avlsverdi på 9.

Bondevennen gratulerer bøndene.

Stikkord denne saka: ,