bv09_aktuelt1

Her er det nye sauehuset på Tveit i Aust-Agder. Omlag 120-140 personar fann vegen til gards under opninga av huset. Foto: Finn Avdem.

Sven Reiersen vil utvikle seg som sauebonde, og få betre kvalitet på produksjonen sin. Svaret vart nytt sauehus. Slikt trekk folk til gards.

 

Jofrid Åsland

 

Eit splitter nytt sauehus i lafta tømmer har reist seg på garden til Sven og Marit Reiersen på Tveit i Aust-Agder. Onsdag 19. februar var det opning med både ordførar i Evje og Hornes, sauefolk, Tinnoset sag, Innovasjon Norge og representantar frå Nortura til stades.
– Det var ein god dag og god stemning. Mange fann vegen til grads, fortel Reisersen på telefon til Bondevennen etter opninga.
Han anslår talet på gjester til 120 til 140 personar. Bonden trur det er den litt spesielle vrien på byggverket som gjer folk skodelystne. Huset er bygd i massivt lafta treverk, og reisverket er av limtre. Treverket vart levert til garden som element.
– Eg ville nytte tre fordi det var konkurransedyktig på pris, og gir eit veldig godt klima i forhold til temperatur og luftfuktigheit, sa Reiersen.
Etter to månaders bruk er bonden svært nøgd med det nye sauehuset. Han opplever at sauene trivst, og at atmosfæren i huset er god. Sauebonden vil likevel ikkje trekke nokon endeleg konklusjon før han har fått prøve bygget i eit heilt år. Reiersen synest det var moro å nytte lokale råvarer til huset. Han har nytta tre frå eigen skog til tak, gavlar og kledning.
– Eg trur treverk har ein liten renessanse. Det er bra for inneklimaet i bygga og tømmerprisane er konkurransedyktige samanlikna med andre material, meinte bonden.

– Klar for å gi gass

I det nye sauehuset på Tveit er det plass til 200 vinterfôra sauer. Det gamle sauehuset hadde plass til 100 vinterfôra sauer, og skal nyttas som avlasting i lemminga. I vinter er det 150 vinterfôra sauer på garden. Reiersen vil gradvis auke talet på sauer i åra som kjem.
– Eg kom fram til at, dersom eg skulle utvikle meg som sauebonde, måtte eg auke og søke betre kvalitet på produksjonen, sa Reiersen om kvifor han ville bygge nytt hus.
Han trur sauene trivst betre i det nye huset. Der har han mellom anna fått på plass ein fôrkuttar som gjer at han får betre fôrutnytting. Han har og fått seg fôrutleggar, slik at fôringa vert lettvint. Med desse nye løysingane trur ikkje bonden han vil bruke meir tid på å stelle 200 sauer enn han gjorde på å stelle 100.
– No skal eg kosa meg, stella sauene og bruka resten av livet på å betale på dette, fortalde Reiersen. Han synest det går bra med saueproduksjonen.
– Marknaden svingar rette veg. Me er heldige som har ein slik produksjon. Eg driv og med ammeku. No er eg klar til å gi gass, sa bonden.
Han opplever at interessa for drifta har vorte større frå tenåringane i huset etter nytt bygg, med fleire tekniske løysingar. Mellom anna har han fått på plass eit sorteringsanlegg som del av innredninga i sauehuset.
– Eg gir dei unge ansvar for det tekniske, så kan eg jage sauer, fortalde Reiersen om sin taktikk når det kjem til teknikk.

 

Her er sauebonden, Sven Reiersen, saman med sonen Magnus Reiersen (18). Bonden har merka større interesse for drifta frå barna etter at det nye sauehuset kom på plass. Foto: Finn Avdem.

Her er sauebonden, Sven Reiersen, saman med sonen Magnus Reiersen (18). Bonden har merka større interesse for drifta frå barna etter at det nye sauehuset kom på plass. Foto: Finn Avdem.

 

 

 

Stikkord denne saka: ,