Forbod: Bruken av glyfosat har vore ein del av det konvensjonelle landbruket i Norge sidan 1974. EU sit med nøkkelen. Glyfosatbruk er stadig meir omstridd og kan bli forbode ved utgangen av 2022. Foto: Istock
Framtida for glyfosat er i det blå. Redusert kornavling, hyppigare pløying og auka jorderosjon kan bli konsekvensen av eit forbod, i følgje ein ny NIBIO-rapport.
Sjur Håland
I den omfattande, ferske rapporten, publisert i september, blir konsekvensar for jordbruk og matproduksjon ved ei utfasing av glyfosat etter 2022 diskutert. I samandraget blir det påpeika at «dersom glyfosat fases ut er en redd det vil få store negative konsekvenser for jordbruk og matproduksjon». Det blir understreka at bruken av glyfosat alternativt kan reduserast mykje ved meir optimal bruk. Rapporten peikar på sprøyting til rett tid og under gunstige tilhøve. Å tilpassa dosen til ugrasartar, vêret og storleiken på ugraset blir også halde fram, saman med potensialet i bruken av presisjonssprøyting (automatisk flekksprøyting).
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.