Kathrine Kleveland, leiar av Bygdekvinnelaget, og Erling Laugsand, leiar av Senterungdommen, rodde slik Terje Vigen gjorde. Innslaget avslutta av frukostseminaret.

Kathrine Kleveland, leiar av Bygdekvinnelaget, og Erling Laugsand, leiar av Senterungdommen, rodde slik Terje Vigen gjorde. Innslaget avslutta av frukostseminaret.

 

Mattryggleik, jordbruket i framtida og vern av matjorda stod på programmet under Aredalsuka.

 

Jofrid Åsland

 

Onsdagen var landbrukets dag i sørlandsbyen. Mange kjende personar kasta glans over arrangementet.

Under frukostseminaret om norsk matproduksjon og beredskap, arrangert av Felleskjøpet, vart linjer frå Terje Vigen til framtidas matsituasjon trekt.

– Den viktigaste matvareberedskapen er å sikre eit aktivt landbruk, og matproduksjon i heile landet, sa Lars Petter Bartnes, leiar av Norges Bondelag.

– Det er lokalt det skjer, hjå kvar einskild bonde og i lokalsamfunnet. Dersom befolkningsutviklinga går slik som i dag er det ikkje mindre mat me treng, men meir, sa Kristin Halvorssen, leiar av Cicero.

Fleire tok til orde for auka merksemd kring matproduksjon og lager for eventuelle krisesituasjonar. Ein av dei var Einar Enger, styreleiar i Norske Felleskjøp og medlem av 22. juli-kommisjonen.

– Å ta grep handlar ikkje berre om ressursar og fleire personar, men mest om vilje. Me må ta grep no, før krisa er der. Dersom det kjem ei krise er det vanskelegare, sa Enger.

Høgrepolitikar Ingunn Foss, medlem av næringskomiteen, peika på rapportar og tal som tilseier at Noreg er sikra mat i fredstid.

– Som fersk landbrukspolitikar er det ikkje så lett å vite kva ein skal tenke om fakta som blir lagt på ein politikars bord, sa Foss.

Ho inviterte til diskusjon kring mattryggleik.

(Artikkelen held fram under bileta.)

 

Kirsten Helen, Alf Eivind, Eivind (11) og Marita (9) Myren hadde sett av dagen til landbruksdebatt. Familien vil ha landbruk i heile landet.

Kirsten Helen, Alf Eivind, Eivind (11) og Marita (9) Myren hadde sett av dagen til landbruksdebatt. Familien vil ha landbruk i heile landet.

Sylvi Listhaug hadde med seg to avokodoar til ordduell med Ole Robert Reitan.

Sylvi Listhaug hadde med seg to avokodoar til ordduell med Ole Robert Reitan.

Temperert debatt

– Er landbruket inne i ein ny vår, eller der det gitt full gass på avviklinga? spurde programleiar Terje Svabø.

Debatten med tittelen; kan norsk landbruk bestå? vart send direkte på TV 2 Nyhetskanalen.

Sylvi Listhaug (FrP) opna debatten med to avokadoar i fleisen på Ole Robert Reitan, leiar av REMA 1000.

– Kvifor kostar desse så mykje, 24.90? Kor mykje sitt du att med når norske forbrukarar har betalt blodpris? spurde landbruksministeren.

Dermed fekk Listhaug dreia fyrste del av debatten inn mot matvarekjedenes makt og forteneste.

– Det er ikkje mi skuld at matvareprisane er høge, svara Reitan.

Utover debatten vart ordskiftet kvast då dei politiske rammene for landbruket vart tema.

– Det som har ridd landbruket som ei tvangstrøye er at bøndene skal verte bremsa ut frå dei små produsentane. Både store og små kunne utvikle seg, sa Listhaug.

– Dagens landbruk er ei suksesshistorie. Me har den beste dyrehelsa og veldig høg plantehelse. Dette handlar om satsing på familiejordbruk over heile landet, sa Marit Arnstad (Sp).

Det lukkast ikkje programleiaren å finne eit felles svar på inngangsspørsmålet, men ein konklusjon kunne han trekke før ljoset vart sløkt.

– Me vil ha sunn og god mat. Det er me alle einige om, summerte Svabø.

Mange hadde møtt opp for å høyre debatten.

– Det er flott at ein kan samle så mange menneske midt i arbeidstida, men ho Listhaug er eit såpestykke, sa Erik Fløystad, fylkesleiar i Aust-Agder Bondelag, til Bondevennen etter debatten.

(Artikkelen held fram under bileta.)

Erik Fløystad skildra landbruksministeren som eit stykke såpe.

Erik Fløystad skildra landbruksministeren som eit stykke såpe.

Mange ville høyre debatten om jordven.

Mange ville høyre debatten om jordven.

Fullstappa jordvernmøte

På bryggekaféen, Solsiden Brasserie, var det trongt om plassen. Mange deltok på debatten om jordvern, arrangert av Naturviterne.

– Skal me ta vare på jorda må me lære oss å leve tett, vart det sagt frå publikum.

Det store spørsmålet for debatten var; er jordvern samfunnssak eller særinteresse?

– Jordvern er noko anna enn bønders næringsinteresser. Jordvern er ikkje særinteresser i eit globalt perspektiv, sa Arne Bardalen, direktør for Skog og landskap, i si innleiing til debatten.

Alle debattantane var samde om at jordvern er viktig og naudsynt framover. Dei var likevel ikkje heilt samde om framgangsmåten.

– På eit tidspunkt må me seie at no er det nok. Me kan vere så offensive at me seier me vil verne all matjord, sa Abid Raja (V).

– Me må jobbe med korleis me skal gjere lokalpolitikarane meir bevisste kring jordvern, sa FrPs Morten Ørsdal Johansen.

– Kommunesamanslåing vil vere bra for jordvern, og føre til mindre kamp om å bygge ned matjorda, sa Ingunn Foss (H).

– Her nyttar det å drive politikk. Me må vidare. Ein nasjonal strategiplan der kommunane får tilskot for å legge utbygging andre stader enn dyrka mark kan vere ei løysing, sa Knut Storberget (Ap).

– Me må ha levande byar, som er tettare, høgare og meir urbane. Utan at det vert i motstrid til ein aktiv distriktspolitikk, sa Marit Arnstad (Sp).

– Det nyttar ikkje å snakke ned kommunane som den store stygge ulven i jordverndebatten. Me må gi dei positive verkemiddel, slik at kommunane handlar ut frå at dette er dei tent med, sa KrFs Hans Fredrik Grøvan.

Les meir om debattane og bøndenes meiningar i Bondevennen nummer 34/35.

 

Arne Bardalen (t.h.), direktør hjå Skog og landskap, opna debatten. Hans Fredrik Grøvan (KrF), Abid Raja (V), Morten Ørsdal Johansen (FrP), Marit Arnstad (Sp), Knut Storberget (Ap) og Ingunn Foss (H) deltok i debatten.

Arne Bardalen (t.h.), direktør hjå Skog og landskap, opna debatten. Hans Fredrik Grøvan (KrF), Abid Raja (V), Morten Ørsdal Johansen (FrP), Marit Arnstad (Sp), Knut Storberget (Ap) og Ingunn Foss (H) deltok i debatten.

Det var liv og røre i Arendals gater onsdag.

Det var liv og røre i Arendals gater onsdag.

Stikkord denne saka: ,