God lukehjelp: 8.-klassingane frå Farsund ungdomsskule har friluftsliv som valfag, og brukte ettermiddagen på eit beite i Frøylandsdalen. Dei haustar mykje skryt for jobben. Foto: Privat

Kampanjar for masseluking av landøyda blir dregne i gong fleire plassar – med god respons!

Jane Brit Sande

På landbrukskontora i Eigersund og Sokndal har kampanjen for å luka landøyda stått på i ei god veke når Bondevennen tar kontakt. Dei lokkar med fine premiar for innsatsen. Bondelaga i Helleland, Egersund, og Sokndal og Egersund Bonde- og Småbrukarlag er også med i aksjonsgruppa. Gruppa har sett ut fire konteinarar og tilhengarar for oppsamling.

– Det er framleis litt tid att før kampanjen er over, men så langt har responsen vore veldig god, seier Marit Rødland Egeland, fagkonsulent på landbrukskontoret på Helleland.

– Opplegget har me kopiert frå Bjerkreim kommune, då dei var først ute med landøyda-kampanje, seier ho.

Rødland Egeland er også bonde, og kjenner godt til ugraskampane.

– Det har helst vore rørande med responsen på kampanjen. I Dalane-regionen er førekomsten av landøyda aukande.

– På Eigerøy vart ein konteinar halvfull med sekker fulle av landøyda, etter berre to dagar, seier Rødland Egeland.

Alle som vil vere med i premietrekninga sender melding til ho etter at sekkane med landøyda er levert inn på rett stad.

I sving: Åttendeklassingane frå Farsund ungdomsskule låg ikkje på latsida då dei skulle luke landøyda. – Dei var kjempeflinke, seier bonde Jan Petter Gjertsen.

Oppsamling: Fleire stader i kommunen er det sett ut tilhengarar eller konteinerar for å samla sekker med landøyda.

Luking på Lista

– Førekomsten av landøyda aukar hjå oss, som i resten av landet, seier Jan Petter Gjertsen.

Han er mjølkeprodusent på Lista i Farsund, og styremedlem i Lista og Lyngdal Bondelag. Gjertsen har engasjert seg i kampen mot ugraset i ei årrekkje allereie, og opplever at planten spreier seg i både eng, gammal eng og beite.

– Med 20-25 frø i kvar blome, er det ikkje rart det aukar på med landøyda når den først har kome, seier han.

No har Lista og Lyngdal Bondelag, i samarbeid med landbrukskontora i Farsund og Lyngdal, også starta ein kampanje for å få fleire til å gjere ein innsats for å luka landøyda.

– Me fekk god respons frå lokalt næringsliv, og har fått flotte landbruksrelaterte premiar, seier Gjertsen.

Det er sett ut tilhengarar fleire stader i kommunane der søppelsekker med landøyda kan leverast inn. Her kan folk også henta sekker. Responsen har ikkje latt vente på seg.

– Eg får støtt meldingar frå folk som har fylt opp og levert inn sekker med landøyda. Eit lite døgn etter at kampanjen starta, var det tomt for sekker enkelte plassar. Det er utruleg moro, seier bonden.

Førre veke hadde han også 12 elevar frå åttande klasse på Farsund ungdomsskule i sving på eit beite i Frøylandsdalen.

– Me heldt på i eitt par timar, og dei lukte reint. Dei var kjempeflinke, seier Gjertsen.

Stikkord denne saka: ,