Den tredje i rekka: Denne kvelden var det ku nummer 433 som vart heidra. Thor Espedal og Sigmund Espedal fekk diplom, blomar og fem dosar NRF-sæd.

På Øvre Espedal har familien Espedal fått fram fem superkyr på tre år. Tre passerte 100 tonn mjølk. Dei to andre mangla nokre få liter.

Liv Kristin Sola

 

Far og son, Thor og Sigmund Espedal, var spesielt invitert til avlsmøte på Genoloftet på Særheim, onsdag i førre veke. Bøndene frå Øvre Espedal har nok ei ku som har passert milepælen 100 tonn mjølk i livstidsyting. Ikkje mindre enn tre av kyrne som er fostra fram på garden  har passert denne produksjonsmilepælen. 

Thor og Sigmund driv garden i lag, men planen er at Sigmund tek over neste år. Dei mjølker i lausdrift med 2×4 fiskebein mjølkestall, har 230 tonn mjølkekvote og driv 281 dekar dyrka jord og 121 dekar beite. Thor trivst godt med nydyrking og legg årleg fleire dekar til garden Samstundes som dei har fått fram fleire superkyr, legg dei ikkje skjul på at for mange unge dyr vert utrangert, ofte på grunn av yting eller jur. Celletal har vore ei utfordring, men dei gamle stormjølkarane må som oftast ut fordi dei ikkje tek kalv.

Ku nummer 433: Snittlaktasjon kring 11.000 kilo mjølk. Foto Privat.

107 tonn mjølk

Denne kvelden var det ku nummer 433 som skulle heidrast. Kua som er født 27. januar 2007 er etter 9694 Brenden og morfar er 4528 I. Hansmoen. Kua har hatt ti kalvingar og er drektig med 11918 Knutlia. Per 20. februar hadde ho mjølka 107.355 kilo mjølk, med eit gjennomsnittleg på 11.000 liter per år. Thor og Sigmund har to kviger og fire kyr etter 433, som dei har store forventningar til.

– Kua ser godt ut og fekk imponerande 86 i kåring, seier avlsrådgivar Lars Byberg Timpelen.

100 er maks poengsum og snittet for kyr er 75 poeng, ifølgje rådgivaren. Internasjonalt vert 86 poeng karakterisert som very good, medan 90 poeng og høgare er excellent.

Ku nummer 349: Første ku over 100 tonn mjølk.Foto Privat.

120 tonn mjølk

Den første kua som passerte 100 tonn mjølk var ku nummer 349 født 21. april 2003. Far var 5148 Heksem, morfar var 4581 Nyløkken. Kua hadde 12 kalvar på 13 insemineringar, men tok ikkje kalv att og vart slakta 16. januar 2017. 349 hadde ein livstidsproduksjon på 120.336 kilo mjølk, med ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 10.426 kilo. 

– Ei lita, gild ku med svært godt lynne. Dessverre fekk ho mest berre  oksekalvar, seier Sigmund.

Staseleg stormjølkar: Ku nummer 427 vart slakta etter ti laktasjonar og med eit uvanleg høgt tørrstoffinnhald produserte ho kring 140.000 kilo EKM. Foto: Privat.

140 tonn EKM

Den tredje stormjølkaren i fjøset var ku nummer 427 født 16. september 2006. Kua var etter 22022 Peterslund og morfar var 4755 Leikvoll. Kua hadde ti laktasjonar og elleve kalvar og produserte 107.660 kilo mjølk før ho vart slakta i august i fjor.

– Kua har ein sjeldan høg feittprosent, noko som løfter ytinga til kring 140 tonn EKM, seier Lars Byberg, etter ei kjapp omrekning.

I toppåret 2014 mjølka ho 14.198 kilo. Korrigert for feitt- og proteinprosent på 5,58 og 3,36, gir det ein laktasjon på kring 17.000 kilo EKM. I snitt på ti laktasjonar mjølka 427 11.000 kilo mjølk med 5,2 prosent feitt og 3,55 prosent protein. I tillegg til desse tre superkyrne har Thor Espedal og Sigmund Espedal hatt to andre kyr som har blitt slakta rett før hundre tonn i livstidsyting fordi dei ikkje tok kalv.

Stikkord denne saka: ,