Koronaeffekt: Koronapandemien er, i følgje Tveit Regnskap, ein medverkande årsak til at økonomien i svinenæringa styrka seg i 2020. Dekningsbidraget til slaktegrisprodusentane auka med 94 kroner grisen frå 2019-2020.

Skattbar næringsinntekt etter avskriving auka frå 2019 til 2020 med 30.800 kroner til 394.000 kroner per bruk på Haugalandet.

Sjur Håland

2020-hovudtrekka syner ein solid auke i inntekta for svinebøndene. Trass eit godt fôr- og beiteår for andre produksjonar; innteninga for mjølkebonden er svekka, medan dei som driv med ammeku opplever stagnasjon. Sauen, derimot, gjer eit lite byks i rett retning.

5,64 kroner literen

Tveit regnskap er som alltid tidleg ute med ein presentasjon av inntektsutviklinga på Haugalandet for året før. Nå er 2020-tala frå kring 300 gardsbruk i Nord-Rogaland og Sunnhordland klar. Dekningsbidraget per mjølkeku enda på 27.900 kroner i 2020, mot 28.800 kroner året før. 2020-mjølkeprisen var 5,64 kroner på ein snittkvote på 209.000 liter.

Det er heller ikkje dei store endringane å finna hjå storfeprodusentane som ikkje har mjølkekyr i fjøset. Tveit Regnskap sine tal syner at dekningsbidraget per ammeku gjekk opp med ein liten hundrelapp frå 2019 til 2020 og enda på 6.470 kroner. Dekningsbidraget per fôringsokse auka med 260 kroner til 6.720 kroner. Dei som driv med sau, kunne etter årsoppgjeret i 2020 notera seg ein auke i dekningsbidraget på 74 kroner til 780 kroner per vinterfôra.

403 kroner grisen

Svineprodusentane er kanskje dei som hadde mest å gleda seg over i fjor, då grensene var stengde mesteparten av året. Hjå slaktegrisprodusentane enda året med eit dekningsbidrag på 403 kroner per slaktegris. Det er opp 94 kroner frå året før. Smågrisprodusentane opplevde ei auka inntening på 2.200 kroner per purke. Det betyr 231.000 kroner i ei konsesjonsbesetning.

Rapporten frå Tveit Regnskap syner at Norges Bank si null-styringsrente har hatt effekt også på bonden si lommebok. Rentekostnaden gjekk ned med 9.000 kroner per gardsbruk i 2020. Og, for dei som måtte lure; snittgjelda var på 3,6 millionar kroner, med renteutgifter på 105.000 kroner. Gjeldsgrada er aukande på Haugalandet. Dei siste ti åra har gjelda auka med 1,6 millionar kroner per bruk.

Dempa investeringslyst

Det kan sjå ut til at investeringslysta peikar nedover. I 2020 gjekk byggeinvesteringane ned heile 44 prosent, medan handelen i traktorar og reiskap var ned 30 prosent i høve til året før. Høgare valutakursar, auka byggekostnadar og usikre tider innan mjølkesektoren blir av Tveit Regnskap peika på som årsaker til dempa investeringslyst.  

Stikkord denne saka: ,