Varmeflaske: Eit ekstra tips frå ein av våre lesarar: Fyll ei kanne med varmt vatn og legg den inn i hytta til kalven det første døgnet den er ute. Steng med ei tett plate om det er ekstra surt og kaldt.

Tar du godt vare på kalven i vinter, vil den garantert takka deg med god tilvekst.

Liv Kristin Sola

Oktober vart mild og fin, men vinteren står for døra. Også for småkalvane som står ute i hytter eller i kjølege, litt råe husdyrrom. For om kulda ikkje er så streng i vest og sørvest, er den råe lufta heller ikkje optimal for dei små kalvane. Så lag ein plan for korleis du skal halde kalven varm og frisk i vinter.
Her kjem nokre tips frå ein av Danmark sine mest erfarne rådgivarar på kalv, Henrik Læssøe Martin:

  • Ekstra mjølk: Allereie når temperaturen går under 15 grader bør kalvane få ekstra mjølk. Når temperaturen går under 10 grader, bør småkalvane få ein liter ekstra per dag for å oppretthalde god tilvekst. Kalvar som får mjølkeerstatning bør få meir enn ein liter ekstra.
  • Dekken og tørre kalvar: Bruk dekken når temperaturen nærmar seg ti grader. Men husk at nyfødde kalvar må tørkast godt før du tek på dekken.
  • Ekstra strø: Når vinteren kjem og det vert rått i lufta må kalven sikrast tørt underlag. Fuktig underlag stel mykje varme frå kalven. Det gir svakare tilvekst og større risiko for sjukdom. Difor løner det seg å fråtse litt med halmen om vinteren. Eit tips er å fylle på halm om kvelden, før nattefrosten sig innover.
  • Eventuell klipping: Ved å klippe kalvane over ryggen sikrar du at dei klarer å ventilere ut eventuell overskotsvarme. Du unngår samstundes at kondens setter seg i pelsen og er med på å kjøle ned kalven.

Husk å gi god informasjon til alle som steller kalvane, slik at alle tar ansvar og har dei same rutinane. Gode rutinar er viktig for godt kalvestell.  

Stikkord denne saka: ,