BN+

Diskusjon: På årets Beit-konferanse i Myrkdalen var bruk av tre eit hovudtema. Deltakarane diskuterer korleis garden kan gjerast meir klimavenleg og klimatilpassa.


– Lytt til erfarne, klimavenlege bønder og krev dokumentasjon når du handlar. Det er Sintef-forskar Birgit Risholt sitt råd til byggjeklare bønder. Stadig fleire finn ut at trefjøs er bra for både folk og dyr, lommebok og miljø.


Anne Rivenes, frilansjournalist


Studiar av klimavenlege fjøs er noko Sintef gjer på oppdrag for og saman med Felleskjøpet. Sidan det er dyrt å skreddarsy løysingar til kvar bonde, ynskjer Felleskjøpet å tilby meir standardiserte løysingar som samstundes er meir klima- og miljøvenlege.
Forskarane er difor på jakt etter det bygningsmessige Kinderegget: Standardiserte løysingar som er billegare å byggje og drifte, som ivaretek dyrevern og arbeidsmiljø og som er tilpassa eit våtare klima.

Energi du ikkje brukar

– Sintef har sett på både bygningen og energibruk til drift. For å redusera klimagassutslepp frå driftsbygningar må analysane inkludere utslepp gjennom heile levetida til bygget. Det vil seia byggemateriale, transport, bygging, drift, riving og gjenbruk, seier seniorforskar Birgit Risholt i Sintef.


– Den mest miljøvenlege energien er den du ikkje brukar, minner Risholt om, og held fram: Alle materiale har ei CO2-gjeld, og ein stor del av utsleppa er utslepp ved produksjon av materiale. Tre er ikkje berre tre. Betong er ikkje berre betong. Etterspør dokumentasjon, om produksjon, varigheit og vedlikehald, og handle mest mogeleg lokalt, seier Risholt.

Tenk levetid og vedlikehald

Rådet frå Sintef er å bruke mest mogeleg tre i bygningane, og å optimalisere bruken av betong og stål. Lokale produkt betyr låge utslepp frå transport. Tenk levetid og vedlikehaldsbehov, og planlegg med lågt energibehov til lys, oppvarming, ventilasjon og kjøling.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,