Det beste for Tine: Det er ingen tvil om at både eigarar og tilsette har Tine sitt beste i tankane. Men kva som er best, er ikkje ei objektiv vurdering. Foto Tine.

Årsmøtet i Tine valde å kaste dei tilsette ut av rådet og komande årsmøter. Det skjedde ikkje utan motstand, både frå dei tilsette og frå fleire av eigarane.

Liv Kristin Sola

Det var ikkje fritt for at det gjekk ei kule varmt då Tine sine tillitsvalde var samla framfor pc-skjermane til digitalt årsmøte førre veke. Spesielt på dag to, som var sett av til vedtektsendringar og val.

Slank og effektiv

Meierisamvirket skal trimme organisasjonen. Dei skal reindyrke eigarstrukturen og effektivisere bestslutningsprosessane. Det meiner styret dei gjer best ved å redusere talet på representantar i styret og i rådet, men aukar tal utsendingar til årsmøtet. Så lang så bra. For meierisamvirket meiner dei har hatt ein grundig prosess rundt vedtektsendringar dei siste to åra. Med høyringar, møter, innspel, justeringar og forankring i alle krikar og krokar av organisasjonen, var dei fleste delegatane budde på det som kom. Trudde dei.

Men debatten hardna til. Diskusjonen stod om dei tilsette sin rett til representasjon i rådet og i årsmøtet. Forslaget om å avslutte ein lang tradisjon med representasjon av tilsette i desse to organa, fekk eit fulltalig styre presentert i desember i fjor. Av debatten kom det fram at saka heller ikkje vart informert om i produsentlaga.

Ikkje godt nok informert?

Dei tilsette brukte det dei hadde av taletid for å argumentere for plassane sine i dei demokratiske organa. Og vart skulda for å kuppe årsmøtet. Styret viste til at dei tilsette har sine eigne demokratiske organ, kor eigarane ikkje er representert. Også fleire av eigarane tok til orde for å behalde dei tilsette i dei to organa, men med mindre representasjon. Mange av eigarane kjende seg overrumpla. Dei var ikkje klar over at dei tilsette ikkje har vore involvert i prosessen, ei heller at styret sitt forslag til vedtektsendring ikkje var einstemmig.

– Årsmøtet er tatt litt på senga. Vi tillitsvalde er ikkje er godt nok informert om dei motsetningane som har kome klart fram i årsmøtet, sa Randi Liverud frå Indre Østfold.

Eivind Mehl frå Glåmdal produsentlag, var lang på veg samd. Han etterlyste referat og protokollar.

– Debatten har vist at det er trong for meir skriftelg dokumentasjon i form av protokoll eller referat. For meg som tillitsvald, eller berre produsentlagsleiar, er det vanskeleg å ettergå det som vert sagt. Skriftelg dokumentasjon er eit viktig verktøy for oss som tillitsvalde, noko som vi også har etterlyst ved tidlegare årsmøte, sa Mehl.

 

Per Hilleren frå Sogndal var også ein av dei som kjempa for dei tilsette sin plass dei formelle organa.

– Samarbeide med dei tilsette sine organisasjonar har vore ein styrke for landbruket. Dette vedtaket er eit tilbakesteg når det handlar om samarbeid, seier Hilleren til Bondevennen.

Samarbeide med dei tilsette sine organisasjonar har vore ein styrke for landbruket.

Per Hilleren

Prøvevoteringa vart ståande

Etter fleire timar med debatt var det klart for votering over følgjande forslag frå konsernstyret:

«Styrets størrelse reduseres fra 14 til 11, med 7 eiervalgte og 4 ansattevalgte styremedlemmer. Ansatte, utover de 4 ansattevalgte styremedlemmene, har ikke vedtektsfestet representasjon i rådet og årsmøtet i TINE SA.»

Gjertrud Svartveit Osmundsen hadde levert eit motforslag.

– Mitt forslag var å redusere dei tilsette sin representasjon i rådet frå 2/3 til 1/4 samt å behalde dei tilsette sin representasjon i årsmøtet med ¼, seier Osmundsen til Bondevennen.

Ordførar varsla ei prøvevotering over styret sitt forslag. Ei oppmoding om stemme over dei to punkta kvar for seg vart avist. Ordførar ville ha styret sitt forslag opp til votering under eitt.

– Det skapte forvirring. Mange hadde nok ønska å votere over forslaget i to omgangar. Utfallet hadde kan hende ikkje blitt annleis, men det hadde gitt meir ro i organisasjonen, seier Osmundsen.

Prøvevoteringa viste 76 prosent for og 23 prosent mot styret sitt forslag. Resultat fekk ordførar til å banke gjennom vedtaket. Med det falt også forslaget til Osmundsen.

Dei tilsette har ikkje stemmerett i saker som gjeld vedtektene.

Retningsval: Strategi 2025 skal stake ut den vidare kursen til meieriesamvirket. Tine må styrke seg mot import og mot konkurranse på heimebane. Foto: Istock.

Heilt etter boka?

– Veldig trist, seier Norleif Fjeldheim, leiar Skjold/Vik produsentlag, til Bondevennen dagen etter årsmøtet.

Fjeldheim er ein av dei som meiner at det var ein styrke for Tine at eigarar og tilsette har møttest på årsmøtet.

– Me har kjent oss som eitt lag, Tine-laget, seier han.

Produsentlagsleiaren meiner dei tillitsvalde ikkje var godt nok informerte om at dei tilsette var ønska ut av årsmøtet og rådet.

– Dette kom heilt i innspurten. Det har ikkje vore ein del av prosessen og vi i produsentlaga har ikkje høyrt eit pip, seier Fjeldheim.

Forslaget vart formelt gjort kjent ute i organisasjonen først då årsmøtepapira kom ut i slutten av februar. Då med berre få dagar til å kome med endringsforslag.

– Det heile er svært betenkeleg. Gjertrud sitt motforslag skulle ikkje vore blanda inn i styret sitt forslag, og styret sitt forslag skulle vore stemt over i to omgangar, seier Fjeldheim.

I ettertid har han fått telefon frå andre tillitsvalde som har reagert på måten denne saka vart handtert.

Etter det Bondevennen kjenner til, har saka i ettertid vore fremma for Tine si tvistenemnd, men vart avvist. Dei tilsette vil no ta saka inn for LO si lovlegheitskontroll. 

Det heile er svært betenkeleg.

Norleif Fjeldheim

Høgast mogleg mjølkepris

Det er ingen tvil om at både eigarar og tilsette har Tine sitt beste i tankane. Men kva som er best, er ikkje ei objektiv vurdering.

Konsernsjef Gunnar Hovland peika i sin årsmøtetale på at meierisamvirket sitt viktigast oppdrag er å sikre eigarane ein høgast mogleg mjølkepris på eit størst mogleg volum.

– For å levere på det må vi vidareutvikle oss som ei kommersiell merkevarebedrift i verdsklasse, sa konsernsjefen.

Han meiner det også inneber å ta upopulære grep som gjer meierisamvirket i stand til å nå sine mål. Som å slanke organisasjonen og reindyrke eigarstrukturen. Også styreleiar Marit Haugen ser det som tenleg å sikre ein sterkare eigarorganisasjon.

– Mellom gode naboar er det tydelige grenser – i gode organisasjonar er det klare roller, sa styreleiar Marit Haugen.

Tine-leiinga er uroa over ei usikker framtid. Verda går stadig raskare og samvirket må henge med. Kan hende er det nettopp ein slank, smidig og spissa organisasjon som trengst for å lukkast; mot import, mot innanlands konkurranse, og med eksport til gamle og nye marknadar. 

Overordna mål: Tine si oppgåve er å sikre ein høgast mogleg mjølkepris på eit høgast mogleg volum. 

Tettare dialog mellom styret og grunnplanet

Nyvald konsernstyremedlem, Asgeir Pollestad, meiner det var rett å endre vedtektene for å styrke eigarorganisasjonen.

– I desember i fjor valde styret å følgje samvirkelova kor det er krav om at dei tilsette skal vere representert i styret, ikkje i andre organ. Dette vart informert om i organisasjonen, men at dei tilsette var så sterkt imot, er nok ikkje like godt kjent, seier Pollestad til Bondevennen. 

Han viser til at dei tilsette sin posisjon i styret er styrka ved at dei beheld sine fire representantar medan eigarane reduserer frå ti til sju. Rådet er redusert frå totalt 40 til nå 16 eigarvalde, medan eigarvalde årsmøteutsendingar aukar frå 110 til 125.

– Tine slankar mellomleddet som er rådet, og styrkar grunnplanet. Målet er å få ein tettare dialog mellom styret og produsentlaga. Me treng ein sterkare og tettare eigarorganisasjon for å få ei større forståing for dei avgjerslene styret må gjere framover, seier Pollestad.

Målet er å få ein tettare dialog mellom styret og produsentlaga.

Asgeir Pollestad

– Korleis skal Tine klare å oppretthalde det mange meiner er ein god og viktig dialog mellom eigarane og dei tilsette? 

– Styret har eit vedtak som gir administrasjonen ein marsjordre om å lage gode møtearenaer for eigarane og dei tilsette. Vi må kunne finne rom for å snakke i lag også i uformelle samanhengar, seier Pollestad.

Han understrekar at konsernstyret sin jobb er å drive selskapet best mogleg for å sikre ei høgast mogleg verdiskaping for mjølkebonden.

– Tine har nok vore tøffe på innsparingar og upopulære endringar, men eg er sikker på at det  gjer oss størst handlingsrom i framtida, seier Pollestad.

Stikkord denne saka: ,