Til å undrast over

Tinedag i Aksdal

Bøndene som sat benka i kinosalen i Tysværtunet i Aksdal, Rogaland, fekk med seg både fagleg påfyll, mat i magen og den gode drøsen.

Skartveit, Volden og Austbø

Då Ola Austbø (t.h.) auka mjølkekvote og besetninga og bygde nytt fjøs, hadde han god hjelp i Tine-rådgivar, Svein-Egil Skartveit (t.v.), som heldt ei hand over buskapen. Fagsjef i Tine, Harald Volden understrekar at det  handlar om å omtimalisera drifta på eigen gard.

Ein kan undrast over mykje og mangt, også om kvifor det er så vanskeleg å gjere teori om til praksis.

Det var ikkje vanskeleg å finne ledige seter i kinosalen under Tinedagen i Aksdal, denne litt sure vinterdagen i starten av februar. Over lerretet i kinosalen rulla det tankar om den nye jordbruksmeldinga, refleksjonar om kva som er norsk landbruk sine konkurransefortrinn inn i ei usikker framtid, hjartesukk om utviklinga i norsk grovfôrproduksjon, og ei oppmoding om å ta kontroll, sette seg mål, og optimalisere drifta på eigen gard. Mellom anna.

Den viktige ukjende

Det handlar om grovfôr, den viktige ressursen som utgjer om lag 60 prosent av dei variable kostnadane i mjølkeproduksjonen.

– Kor mange veit kva grovfôret kostar, spurte fagsjef i Tine Rådgiving, Harald Volden.

Det blei stilt i salen. Bøndene kikka på kvarandre. Éi hand kom opp i veret. Bøndene humra litt i setene sine. Fagsjefen var neppe overraska. Alt tyda på at responsen var som forventa.

Grunn til undring

234.000 grovfôranalysar fortel ei sann historie, om at kvaliteten på norsk grovfôr ikkje blir betre. Analysane viser same meltingsgrad av grovfôret i dag, som i 1990.

– Vi har kunnskapen. Kvifor klarer vi ikkje å bli betre på grovfôrproduksjon, spurte Volden.

Han oppmoda bøndene til å sette i verk tiltak. Men for å gjere det, må ein vete kor ein står. Skal vi bli betre til noko, må vi vete kva vi skal bli betre enn. Berre då kan du sette deg realistiske mål.

– Dei aller fleste veit korleis dei skal produsere eit godt grovfôr. Men det er færre som veit kva som er økonomisk optimal grovfôrkvalitet på eige bruk, sa Volden.

 

presetntasjon Harald Volden

– Skal vi bli betre til noko, må vi vete kva vi skal bli betre enn.

Harald Volden, Tine.

Ikkje som naboen

Det som er god økonomi på éin gard, er ikkje nødvendigvis optimalt hjå naboen.

– Tilgang til areal er avgjerande for kva ein skal fokusere på. Har du mykje areal, kan du optimalisere energiverdien på grovfôret. Andre har knapt med areal og må fokusere meir på mengde fôr, understreka Volden.

– Og så må du tilpasse kraftfôret til det grovfôret du har, la han til.

Fagsjefen oppmoda bøndene til å gjennomføre ei god økonomisk analyse av drifta si, diskutere løysingar, mål og tiltak. Eit «ta-med-heim-råd» som kan gjere ein skilnad, dersom det vert teke på alvor.

 

Snarvegar løner seg

– Det kan ikkje være slik, at overordna politikk er å produsere billigast mogleg for ein kvar pris. Det er ei retning me ikkje må inn på, sa Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke, i sitt innlegg på Tinedagen.

Han viste til det kan kalla ei dysfunksjonell verdikjede, der kjedemakt hemmar politiske mål og der samvirke som einaste reelle motvekt til kjedane blir stadig meir svekka.

– Dersom me held fram med å svekka bonden sin innverknad i så stor grad som det no blir lagt opp til, vil all vidare utvikling av kontraktproduksjon bli styrt 100 prosent av daglegvarekjedane. Det blir ikkje rom for samvirke å driva forretningsverksemd i det landskapet, sa Hedstein.

Regjeringa let konkurranse gå framføre dei landbrukspolitiske måla. Utan marknadsordningane er det berre konkurranse som gjeld. Konkurranse blir viktig i seg sjølv, ikkje kva konkurransen skal bidra til. Billigast mogleg blir målet.

Marknadsordningane trygger investering og utvikling, og reduserer risiko for bonden. Stabilitet og føreseiing er grunnlaget for dei unike føremona som norsk landbruk nyt godt av i dag. Blir marknadsordningane svekka, blir stabiliten og investeringslysta svekka.

Norsk landbruk er basert på samarbeid mellom bønder, mellom bønder og deira bedrifter, mellom bønder, styresmakter og andre næringar, og i stor grad samarbeid med forsking. Slik har bøndene, gjennom samvirke, hatt sterk innverknad på utviklinga.

– Norge har bygd opp et landbruk som ikkje tek snarvegar. Det er unikt med norsk landbruk, men desverre gir det ikkje uttellling slik marknaden er bygd opp i dag. I dag er det lønsamt å ta snarvegar, sa Hedstein

 

– Det kan ikkje vera slik,
at at maten skal produserast billigast mogleg,
for ein kvar pris.

Ola Hedstein, Norsk Landbrukssamvirke

 

 

Tredoble omsettingsverdien

Lite bruk av medisin og kjemikaliar, god dyre- og plantehelse, lite klimaavtrykk og ei transparent næring, er norsk landbruk sine store fortrinn samanlikna med resten av verda.

– Det skal gi norsk landbruk konkurransefortrinn i framtida, sa Hedstein.

Landbruket sine eigne ambisjonar er å tredoble omsettingsverdien i landbruket. Ifølge Hedstein eit realistisk og forsiktig anslag, basert på den kunnskapen vi har i dag.

– Jordbruksmeldinga er klinisk fri for slike ambisjonar, sa ein undrande Ola Hedstein.

Hedstein håper  stortinget tek ansvar og viser en retning som er i samsvar med dei utviklingsbehova det norske samfunnet har, både for landbruk, for klima og for helse.

Med så viktige spørsmål på dagsorden, undrast Bondevennen sin utsende på kvifor ikkje fleire hadde funne vegen til Aksdal denne dagen.

 

Stikkord denne saka: ,