bv07_aktuelt1b

Det mangla ikkje på engasjement frå salen.

Smågrisprodusenten legg grunnlaget, slaktegrisprodusenten skal fullføra produksjonen. Saman skal dei skapa verdiar.

Liv Kristin Sola

Det måtte stadig fleire stolar inn i rommet, for at alle frammøtte skulle få sitja godt, då Nortura inviterte til felles fagdag for smågris- og slaktegrisprodusentane.
– Me er på veg mot målet om balanse mellom tilbod og etterspørsel etter svinekjøt, oppsummerte tilførselsleiar gris, Arvid Søyland.
Han peika på at tiltaka som er sette i verk har hatt ønska effekt. Svingingar i etterspørselen gjennom sesongen må næringa leva med.
– Er det eit mål og jobba for jamn og føreseieleg pris for leveranse av slakt gjennom året? spurde Søyland.
– Føresetnaden for dette er i tilfellet tilnærma balanse i marknaden, meinte han.
Uavhengig av utbetalingspris for slakt, kan det vera potensiale for auka inntening med å bevisstgjera mål for eigen produksjon. Som i dei fleste andre produksjonar, er det store skilnadar i dekningsbidrag mellom dei produsentane som oppnår dei beste og dårlegaste resultata. Søyland kom med ei klar oppmoding til produsentane om å skaffa seg oversikt over effektiviteten i eigen produksjon.
– Kva er fôrforbruket og fôrutnyttinga i din produksjon? Kor mange daude smågris/slaktegris må du bera ut av grishuset, og kva representerer dette tapet i kroner per år? Kor mange avvende smågris oppnår du per purke? spurde Søyland forsamlinga.
– Ei auke på to avvende smågris per purke kan gje eit tillegg på over 200.000 kroner. Det er pengar å henta på bevisstgjering og ei aktiv haldning til eigne produksjonsmål, held han fram.

Smågrisprodusenten

– Levèr gris som du sjølv ville kjøpt, ei tilsynelatande enkel oppmoding frå Hanne Elin Østerhus, som er rådgjevar gris i Nortura.
Drømmesituasjonen for slaktegrisprodusenten er å motta eit lass med friske og livskraftige smågrisar, med ei jamn vekt på rundt 30 kilo. Dessverre er ikkje kvardagen fullt så enkel.
– Kva gjer ein med dei minste smågrisane i pulja? Kva gjer ein med dei som av ulike årsaker heng etter eller har små skavankar? spurde Østerhus tilhøyrarane sine.
Ein velkjend strategi er å sjå an situasjonen. Då skjer det som oftast ingenting, i alle fall ikkje til det betre.
– Vurdèr situasjonen, ta ei avgjersle og handla med det same, var Østerhus si klare melding til produsentane.
– Sett dei minste i ei pulje for seg når du tar dei frå purka. Gje dei litt ekstra omsorg og oppfylging. Improviser fram ei “tilvekstavdeling”, den vil garantert vera ei god investering, var oppmodinga frå ein av smågrisprodusentane.

Slaktegrisprodusenten

Representantane frå Nortura sine tips til slaktegrisprodusentane var blant anna og optimalisera mottakstilhøva.
– Gode rutinar og ein klar strategi for innsettet dannar grunnlaget for ei effektiv framfôring, minna Søyland om.
Ein kommentar frå publikum viste til positive erfaringar med å tenka overgangsfôring den første tida. Ved å blanda smågrisfôr og slaktegrisfôr ein periode kan ein bidra til at overgangen vert smidigare.
– Gje beskjed om problem når dei oppstår, ikkje vent til grisen er slakta, ba Østerhus, og ikkje klag unødvendig.

Informer kvarandre

Gjennom heile si presentasjon la Østerhus vekt på kor viktig det er med kommunikasjon og respekt for kvarandre, og det arbeidet som kvar og ein gjer. Innan rimelege grenser så kan mykje aksepterast, dersom det bare vert informert om på førehand, presiserte ho.
– Førebu mottakaren, vær ærlege og rause med kvarandre. Me er ikkje fleire i næringa enn at me må ta vare på kvarandre, oppsummerte møteleiar Søyland.

Stikkord denne saka: ,