I panelet: Henk Maessen, seniorrådgivar i NIBIO, varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp), Øyvind Ravnaas Lundbakk, dagleg leiar i Ryfylke IKS, Håvard Skavland, tomatprodusent, ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal (H), og Esben Otterlei, direktør klima og forretningsutvikling i Lyse.
Biogass frå landbruket kan vere den lokale CO2-kjelda Stavanger og Jæren treng. Men framleis lar den nasjonale satsinga vente på seg.

Jane Brit Sande

«Framtida er grøn» var tittelen på den årlege Tomatkonferansen på tomat-øya Finnøy i Stavanger kommune. På programmet stod spørsmål knytt til den energi- og miljøomstillinga veksthus- og landbruksnæringa står ovanfor. I salen sat bønder, politikarar, folk frå forsking og forvalting. Innleiarane var – for å bruke arrangøren sine ord – «aktørar som kan gi eit svar på retninga».

Biogass blir ikkje prioritert

– Veksthusnæringa i Rogaland er ein nøkkel i landbrukets klimaplan, seier Esben Otterlei, Direktør klima og forretningsutvikling i energi- og telekonsernet Lyse.

Han har tru på å etablera lokale CO2- kjelder. Ein infrastruktur for biogass er på plass, som den einaste regionen i Norge, seier han.

– Men biogass er ikkje ei satsing nasjonalt. Det er ikkje vilje til å auke produksjonen.

Otterlei skrur med det opp temperaturen på dagens panelsamtale.

– Kvifor er vindmøller ein meir «edel» straumproduksjon, lyder eit spørsmål frå salen.

– Høyr, høyr, seier Otterlei frå Lyse.

– Avfallshandtering, også husdyrgjødsel – sjølv om det strengt tatt er ein ressurs, må gjerast på best mogleg måte der ein tek ut biogass, seier han.

Varaordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken (Sp), er samd.

– Biogass blir viktig for å auka matvaresikkerheita når gjødselvareforskrifta kjem.

Stavanger Høgre sin ordførarkandidat, Sissel Knutsen Hegdal, vil jobba for at politikarane i kommunen skal forene krefter inn mot Stortinget.

– Me må gå saman om det me er samde om, og forene krafta, seier ho.

Ambisiøs kommune

Stavanger kommune har mål om å vere klimanøytral innan 2030. Varaordførar Sunnanå Hausken seier at kommunen har gjort fleire tiltak for å nå målet. Eit av dei er at 1300 dekar som var planlagt nedbygd, er tilbakeført til LNF.

– Eg håpar at desse areala vil bevarast som ein klima- og miljøplan, seier ho.

Dei viktigaste utfordringane innan landbrukssektoren, er utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel og oppvarming av veksthus, nedbygging av matjord, tap av naturmangfald og dårleg skjøtta landbruksareal. Landbruket bidreg med fleire tiltak for å nå målet om å bli klimanøytrale, seier varaordføraren.

– Ny teknologi er ein viktig nøkkel for å redusera utslepp frå klimagassar frå veksthus. Mange produsentar går i bresjen og testar ut. Det er viktig, seier Sunnanå Hausken.

Kommunen har sett av ti millionar kroner til ENØK-tiltak i landbruket. Bønder kan søka støtte til konkrete tiltak på garden, seier varaordføraren.

Ordførarkandidat Knutsen Hegdal (H) peiker på utfordringar med straum, og tilgang på nettet.

– I tillegg er prisen desidert høgast i dette området. Det kan me ikkje halde fram med, seier ho.

Økonomien i og tilgangen på straum er viktig for veksthusproduksjonen.

– Eg skal jobba for samarbeid og dialog mellom politikarane og landbruket, seier ordførarkandidaten.

Valkampen er utan tvil i full sving.

Stikkord denne saka: ,