Tilpassa norsk produksjon: Formelfjøset gjer det mogleg for Felleskjøpet å tilpasse fôringsforsøk til norsk grovfôr og norske kyr. Her ser me fjøsmeister Katrine Asheim og utviklingssjef Leidulf Nordang.

Det moderne forsøksfjøset til Felleskjøpet Rogaland Agder skal gi meir og sikrare forsking på fôring, til nytte for bøndene.

Liv Kristin Sola

– Formelfjøset skal bidra til å finne løysingar på utfordringane norsk mjølkenæring og landbruket står overfor på kort og lang sikt, seier Leidulf Nordang. Han er utviklingssjef for drøvtyggarfôr i Felleskjøpet fôrutvikling.

Ingen beskjeden ambisjon, men så manglar det heller ikkje på teknisk utstyr som skal bidra til at Nordang og folka hans kjem eitt steg nærare desse måla.

Frå øvste hylle

Det to dekar store fjøset har det meste som er å få for pengar. To DeLaval mjølkerobotar, seks kraftfôrsiloar, automatisk tildeling av grovfôr og individuell måling av grovfôropptak, skal sikre god fôring og informasjon på detaljnivå. Haldvurderingskamera og automatisk veging av dyra skal bidra med informasjon om responsen på dei ulike forsøka.
Fjorten videokamera har oversikt over sjølv dei mest vekkgøymde krokane i fjøset. Fleire sensorar vil kome etter kvart som behovet melder seg.

– Det aller viktigaste er at Felleskjøpet no kan kvalitetssikre forsøka i mykje større grad enn nokon gong tidlegare. Vi får sikrare konklusjonar på kortare tid, slår Nordang fast.

Tidlegare forsøk i båsfjøset bleiknar i samanlikning når Nordang no har fått ei topp moderne leikegrind å boltre seg i. Lista er lang over forsøk han kan tenke seg å prøve ut. Men fri tilgang til pengesekken får han neppe.

– Vi må vurdere frå år til år kva vi skal prioritere, seier Nordang, og legg til at det er Fagutvalet i Felleskjøpet som avgjer kva forsøk som skal prioriterast.

Ulike interesser dreg i alle retningar. Bøndene jaktar høg yting og vil ha topp kraftfôr til ein rimeleg pris. Meieriet vil ha høg feittprosent. Kosthaldsekspertane har svartelista mjølkefeitt – og samfunnet vil ha meir norsk korn.

– Dette går ikkje i hop, stadfestar Nordang.

Han minner om at naturlovane er vanskelege å modernisere seg vekk frå, som blant anna det faktum at høg avdrått gir lågare feittinnhald i mjølka.

Kvart strå vert registrert: Under forsøk vil dei 36 fôringskassane ha ein variant av forsøksfôret. Kvar ku får berre tilgang til dei fôrkassane som inneheld det fôret ho skal ha. Fôrkassane melder frå når dei nærmar seg tomme, slik at blandesystemet kan porsjonere ut passe mengde fôr av den aktuelle miksen.

Klima er overordna

Formelfjøset har per i dag ingen metanmålar, ein såkalla Greenfeeder. Nordang fortel om mykje forsking på området. Ny teknologi er på trappene. Felleskjøpet arbeider med å få på plass utstyr for måling av metanutslepp. Samstundes er verda på leit etter tilsettingsstoff som kan dempe metanproduksjonen hjå drøvtyggjarane. Nordang følgjer nøye med.

– Landbruket har på seg tøffe klimamål som vi er nøydd til å klare å løyse. Men det er svært kostbar forsking. Felleskjøpet kan ikkje utvikle nye tilsettingsstoff, men vi kan teste det som allereie er på marknaden, slik at vi får prøvd ut effekten også under norske tilhøve, seier Nordang.

Han ser føre seg eit overordna samarbeid, helst internasjonalt, for å kome fram til dei gode løysingar på korleis næringa kan redusere utslepp av klimagassar.

Høg eller moderat yting?

Midt i debatten om klimagassar, bruk av utmark og import av soya, skal Felleskjøpet balansere bruken av norsk korn og samstundes sikre gode nok råvarer og reseptar til toppytarane.

– Meir norsk korn i kraftfôrblandingane er eit strategisk mål, men kan ikkje skje på kostnad av økonomien i mjølkeproduksjonen, meiner Nordang.

Han viser til at god utnytting av produksjonsapparatet er avgjerande for å få økonomien til å gå rundt på bruk med høge kapitalkostnadar per liter mjølk. Det dreg i retning av høg yting, som igjen skjerpar krav til kvalitet og innhald i kraftfôrblandingane.

– Ved å redusere snittytinga med eit par tusen liter, vil kapitalkostnaden auke kraftig, sjølv med dagens låge rente, seier han.

Nordang meiner målet må vere å balansere ei rimeleg høg yting, rundt 9000 liter, og sikre så høg del norsk fôr i rasjonen som det er råd å få til. Kor mykje norsk korn det er mogleg å ha i blandingane i kombinasjon med ulike proteinkjelder og andre råstoff, er mogleg å teste ut i fjøset.

– Å tru at vi på sikt kan ha låg yting og framleis vere konkurransedyktig mot import, gitt dagens tollvern, det trur eg er illusorisk, seier han.

Presisjonsfôring

Moderne fjøs har to, gjerne tre kraftfôrslag. I Formelfjøset sjonglerer dei med seks ulike slag. Grovfôrhandteringa er fullautomatisert med to matebord som kan mikse grovfôr av ulike kvalitetar. Ulike kraftfôrslag og –mengder kan blandast inn i miksen.

– For mykje kraftfôr i ei grunnblanding kan gå ut over trafikken i roboten. Dette er ting vi kan klare å teste i fjøset, seier Nordang.

Det er stort sett berre Finland og Sverige, i tillegg til Norge, som nyttar grassurfôr som einaste grovfôr.

– Det gir oss nokre utfordringar få andre land står overfor, som til dømes store mengder bygg og havre som skal inn i rasjonar med til dels ganske varierande surfôrkvalitet, seier Nordang.

I eit fjøs kor kvart einaste strå grovfôr og kvar ein pellet vert registrert, er det enklare å finne samanheng mellom grovfôr og kraftfôr, og korleis dei påverkar kvarandre. Med teknologien dei rår over i Formelfjøset, meiner Nordang dei skal bli betre i stand til å sjå samanheng mellom pris og kvalitet, og bli betre i stand til å sette rett verdi på dei ulike kraftfôrkvalitetane.

Sikre kvalitet i forsøka

Forsøka skal først og fremst omfatte fôring. Konsentrert kalving er nødvendig for å få store nok forsøksgrupper.

– Vi må rigge oss slik at vi kan gjennomføre forsøk over tid som gir resultat vi kan stole på. Det betyr av vi må ha store nok forsøksgrupper for å få nok målingar, og ei stor nok kontrollgruppe som kan dekke opp for variasjonane mellom enkeltkyr, seier Nordang.

Rundt 48 av dei 65 mjølkekyrne vert plukka ut til forsøk. Kyrne vert delt i tre grupper på seksten eller fire grupper på tolv kyr. Kyrne som inngår i forsøk bør vere mest mogleg homogene i forhold til yting, tørrstoffinnhald og laktasjonsdagar.

– Forsøka må også ta høgde for at det skjer ting i løpet av ein laktasjon, med jurhelse, klauvhelse og variasjonar i yting, seier Nordang.

Utviklingssjefen har store forhåpningar til eit skikkeleg løft på kvalitet og sikkerheit i forsøka, og at dei kan kome fram til resultat som kjem eigarane til nytte.

Stikkord denne saka: , , ,