Auke: Time-bøndene Geir Nesse t.v. og Sem Garborg, synar til underskotsprognosar og argumenterer for auke i målprisen for gris.

Geir Nesse og Sem Garborg er skuffa over Bondelaget og oppgitt over nok eit null-krav for svinebøndene. – Tragisk, me treng auka målprisar nå, seier dei.

Sjur Håland

– Det er eit hån mot produsentane at ikkje målprisen går opp når me er på veg inn i ein periode med underdekning, seier Nesse og Garborg.

Underskot i 2019

Mai-prognosen syner lysare tider i svinekjøtmarknaden. I følgje Nortura blir det for første gong på fleire år eit underskot i 2019. Med 2.000 tonn i minus burde målprisen vore auka alt i årets jordbruksoppgjer, meiner dei to styremedlemmane i Time svineavlslag.

– Me ventar at prisane vil gå opp umiddelbart på grunn av dette og er ute etter eit løft for næringa vår. Det handlar om å få vår rettmessige del av kakestykket, som blir norsk landbruk til del, understrekar Garborg.

Garborg er leiar i lokallaget, medan Nesse har kasserarvervet. Dei har sete rundt styrebordet dei fem siste åra og har kjent nedturen på kroppane og kontoane.

– Når bøndene sine faglag går inn i jordbruksforhandlingane femte året på rad utan å krevja noko som helst på vegne av svinebøndene, med prognosar som synar underbalanse, skurrar det, seier Nesse.

Ikkje nyetableringar

– Vil ikkje ein auke i målprisen straks føra til auka produksjon og dermed ein ny runde med overproduksjon?

– Det er difor me meiner dørene må stengast for nyetableringar. Skal svinebøndene få ein stabil, grei økonomi over tid har me ingen andre moglegheiter, svarar Garborg.

– Ein etableringsstopp er vel ikkje mogleg å få til?

– Det kan så vera, men me må ha lov til å peika på dette som den einaste moglegheiten, held Garborg fram.

Kostnadsauke

Siste fem åra har målprisen vore tilnærma uendra. I denne perioden har konsumprisindeksen i følgje dei to stige med 10, 7 prosent. Kraftfôret har stige med åtte prosent.

Om målprissystemet

I de årlege jordbruksavtalene avtales det målpriser på ulike varer og varegrupper av jordbruksprodukter.
I henhold til gjeldende jordbruksavtale, skal målprisene være priser som jordbruket reelt sett skal kunne oppnå ut fra balanserte markedsforhold, det fastsatte importvernet og de markeds-reguleringsmulighetene som er til disposisjon. Dessuten vil prisfastsettelsen gjennom målprissystemet være et hovedvirkemiddel for å regulere markedene for jordbruksvarer.
Kilde: Landbruksdirektoratet

Målpris svinekjøt:

Avtaleår: Pris kg
2012/13: kr 31,44
2014/15: kr 31,64
2015/16: kr 32,34
2016/17: kr 32,43
2017 – ?: kr 32,43

Kjelde: Norsvin

– Bruker du 400 tonn med kraftfôr, betalar du 120.000 kroner meir i kraftfôr, medan kostnadane med til dømes vedlikehald og kjøp av servicetenestar har auka. I 2014 betalte eg servicepersonen frå Felleskjøpet 895 kroner i timen. I dag betalar eg 1020 kroner. Alle kostnadane skal dekkast inn, forklarer Nesse.

Også komande konsesjonsjusteringar gjeldande purkeslakt er eit argument for høgare målpris, i følgje Time-bøndene.

– Fleire tusen tonn purkeslakt, som nå går inn i varestraumen og blir betalt med 14 kroner kiloen, vil forsvinna og må erstattast med slaktegris til 27 kroner. Det vil pressa økonomien til slakteria, og dermed oss produsentar, seier dei.

Provosert

Uttaket av målpris ligg per mai 2019 under med 1,15 kroner per kilo. I tillegg er omsetningsavgifta 1,20 kroner over eit naturleg nivå dersom marknaden hadde vore i balanse.

– Bør ikkje det gapet nullast ut før de byrjar å snakka om å auke målprisen?

– Me møter gjerne dette argumentet frå bondekollegar med andre produksjonar. Då blir eg provosert. Dette er midlar som er framforhandla, som me har hatt rett på alt frå 2014, understrekar Garborg.

– Dermed har overproduksjonen ført til at de har tapt mykje pengar?

– Ja, og det merkast godt hjå dei av oss som har svin som einaste produksjon eller svin som hovudproduksjon. Me skal fordela alle kostnadane i gardsdrifta med inntektene frå svineproduksjonen.

Demokrati

Nesse og Garborg seier det på sin måte.

– Situasjonen me med kraftfôrkrevjande husdyrproduksjon har kome i, speglar demokratiet i landbruksnæringa. Fleirtalet bestemmer. Det seier seg sjølv at me blir små i lys av at det er 13.000 bønder med mjølkekvotar, 14.000 med sau og 2000 kvar med gris eller fjørfe.

– Men svineprodusentane har tent godt og kanskje vore i den mest ressurssterke gruppa?

– Me lever ikkje på det som eventuelt har vore. Det er grenser for kva me kan og skal tola. I fjor utgjorde produksjonstillegget eg fekk, 7,6 øre per kilo kjøt. Dei som driv med andre produksjonar kan jo rekne på sine tal, me kan ikkje unngå å påpeika at det verkar som om det er greitt for dei budsjettvinnande delane av næringa at målprisen på gris skal stå uendra, seier Garborg.

Dei to registrerer at det blir færre svineprodusentar i den store landbrukskommunen. Dei siste 20 åra har dekningsbidraget lege mellom 200-350 kroner.

– Samstundes har kostnadane skote i veret. Bønder sluttar stilt av. Økonomien er ikkje god nok. 300 kroner er ikkje nok til å dekka alle utgiftene, seier Nesse.

Sem Garborg har vore bonde sidan første delen av 1980-åra.

– Eg driv vel verken ringare eller betre enn andre kollegar. Men at det så langt ut i karrieren min skal vera vanskeleg å redusera gjelda og prioritera naudsynt fornying i driftsapparatet, er eit faktum som talar for seg sjølv.

– Kva seier de til dei som påstår at det er lite arbeid med gris, og at de dermed ikkje treng like stor inntekt som bønder med andre produksjonar?

– Ja, me kan jo sjå korleis det har gått med dei svineprodusentane som har trudd at det ikkje var så mykje arbeid. Me som framleis heng med, følgjer opp dei nye krava og brukar meir tid i grisehuset enn nokon gong før. Me vil ha betalt for arbeidet, seier Nesse og Garborg.

Har tillit til Nortura

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, skriv følgjande i ein kommentar til kritikken frå Nesse og Garborg:

Det er naturleg at ein kan bli skuffa over utviklinga på inntektsgrunnlaget i svinenæringa. Det er rett som Sem Garborg og Geir Nesse seier, at målprisen på slaktegris har vore tilnærma uendra dei fem siste åra. Før årets jordbruksforhandlingar spelte Norsvin inn til Norges Bondelag og Småbrukarlaget ein auke i målpris på 50 øre per kilo.

Nortura som har ansvaret for marknadsregulering og uttak av prisen i marknaden kunne ikkje tilrå auke i målpris på gris. Rogaland Bondelag har tillit til Nortura sine betraktningar på prisuttak.

Målpris er ein framforhandla pris i jordbruksforhandlingane. Målpris er mogleg å ta ut i ein marknad i balanse. I periodar med overproduksjon er det bonden som må ta kostnadane med ekstra innfrysing av slakt, eksport til lågare pris og andre tiltak. Frå 2020 kan ein ikkje eksportere landbruksvarer med prisreduksjon, ut frå internasjonal avtale i WTO systemet.

Svinenæringa er ei næring som er sårbar for svingingar i marknaden. Einaste styringsmekanismen til å styre produksjonen er utbetalingspris til bonden, med lågare pris frå slakteria og ekstra midlar til Omsetningsrådet som skal administrere marknadsregulerande tiltak.

Å innføre etableringskontroll for utviding av produksjon hjå eksisterande produsentar, og stopp for nye produsentar er ikkje på sakskartet i dag. Om ein innfører slike tiltak, kan ein konsekvens være at ein overlèt styringa av produksjonen til matkjedane, slik som det er for kylling. Det er ikkje ønskjeleg.

Det er representantskapsmøte i Norges Bondelag som gjer forhandlingsutvalet mandat/føringar for jordbruksforhandlingane. Norsvin er medlem i representantskapet. Det er semje om at kornprodusentane må få betre økonomi. På landsbasis går kornarealet ned. Norsk korn er viktig for norske husdyrprodusentar, kornøkonomien må få eit løft. Rogland Bondelag er samd i denne prioriteringa.

Rogaland Bondelag meiner kostnadane for betre økonomi for kornprodusentane ikkje må overførast til husdyrprodusentane.

Ein kan ikkje ta ut høgare pris på kjøt i marknaden for å kompensera ein auke i kraftfôrprisen. Det er nødvendig med overføringar frå staten for å halde råvarekostnadane til kraftfôr nede. I dei siste åra er ikkje auka råvarekostnader blitt kompensert heilt ut. Det er spesielt innan gris og fjørfe denne auken i kornpris/kraftfôrpris slår hardast ut. I kraftfôret til svin og andre husdyr er det også importerte råvarer, i varierande grad. Pris på importerte råstoff har Bondelaget ikkje kontroll/påverknad på.

Det viktigaste tiltaket for ein betre økonomi i svinenæringa er ein produksjon som over tid er tilpassa marknaden.

Stikkord denne saka: ,