• Vegard (t.h.) er nevøen til Magnar. Han har vore med på garden heile oppveksten, og 20-åringen hjelper gjerne Pernille og Magnar med daglege gjeremål. Blandevogna, ein vertikalblandar frå Kverneland på 18 m3, vart kjøpt brukt for ti år sidan. Knivane vart skifta i fjor, elles har det berre vore enkelt vedlikehald.

Kvart år er det om lag 8 kyr i landet som passerer 100 tonn i mjølkproduksjon. To av desse bur i fjøset hjå Magnar Tveite. Ei tredje ku manglar ein laktasjon på å nå denne milepælen.

Liv Kristin Sola

Haldbare kyr og høg avdrått er eit av stikkorda i besetninga hjå Magnar Tveite og Pernille Opsahl i Holbygda på Vossestrand.  Middel kg EKM er 10.927, med 4,4 i fett og 3,4 i protein, siste 12 mnd. Kraftfôrandelen er på 30 FEm/100 kg EKM. Kvigene kalvar på 24 månadar, og kyrne har kalvingsintervall på 12 månadar.

Magnar er over gjennomsnittet interessert i avl. I fjøset har han  fire kyr som har passert 8 laktasjonar. Alle fire er inseminert og ventar kalv att til hausten. Tala er henta frå siste perioderapport i kukontrollen, som var 21. mars.

Ku 576 – 9 kalvar og 115.394 liter

576 er født 25. oktober 2005. Ho kalva 9. kalven i september 2015, og har ein livstidsproduksjon på 115.394 liter. I dei tre  siste laktasjonane (6, 7 og 8) har ho mjølka mellom 14.000 og 15.000 liter. Flate laktasjonskurver kjenneteiknar kua. På dei seks kontrollane sidan ho kalva, har ho mjølka mellom 50 og 57 liter. 576 er inseminert med 11078 Gopollen og ventar sin 10. kalv i slutten av september i år. Kua er etter 5583 Salte. Morfar er finske 6626 Vehkalan Kullero.

Ku 533 – 10 kalvar og 106.869

533 er født 9. oktober 2004. Ho kalva 10. kalven i slutten av oktober, og har ein livstidsproduksjon på 106.869 liter. Sidan ho kalva i oktober har ho mjølka jamt mellom 50 og 55 liter. 533 er inseminert med 11690 Roen og ventar sin 11. kalv i midten av oktober i år. Kua er etter finske 6626 Vehkalan Kullero. Morfar er 4755 Leikvoll.

Ku 366 – 9 kalvar og 91.713 liter

Ku nr 366/44 er født 25. oktober 2005. Ho kalva 9. kalven i midten av september og har ein livstidsproduksjon på 91.713 liter. 366 er inseminert med 10801 Dahle og ventar sin 10. kalv i midten av oktober i år. Kua er etter 5618 Guterud. Morfar er 4939 Rånes.

Målretta avlsarbeid

Gjennomsnittleg avlsverdi i besetninga er over 22, noko som vitnar om langsiktig avlsarbeid. Stadig dukkar det opp nye seminoksekandidatar. Geno har kjøpt inn oksekalvar som har nådd fram som ungokse, men framleis manglar ein Tråleite-okse blant eliten.

Magnar inseminerer ikkje sjølv. Han har heller ingen ferdig plan, men ingenting er tilfeldig av dei vala han gjer. Bonden har ei NRF-besetning, men kryssar inn både svenske, danske og finske genar. Noko holstein er også å finna, samt litt brown swiss.

– Eg kjenner dyra mine, og har merksemd på mjølk og jur, bein og klauver. Eg har aldri slakta ei ku på grunn av dårleg jur, sjølv ikkje etter at roboten kom i bruk, seier bonden.

Haldbare kyr, på tross av fjøset

13 av 40 kyr er i 4.laktasjon eller eldre. Utrangeringsprosenten ligg på 38, mot 44 på landsbasis, ifølgje kukontrollen.

– Eg slaktar ikkje ut gode kyr berre fordi dei vert gamle. Eg set på kviger etter behov, og sel 8-10 kviger kvart år, seier Magnar.

Magnar har gått mot straumen. Han har utvida drifta med kvote, kyr, ombygging, tilbygg og robot. Etter kvart som naboar har gitt seg, har Magnar overteke drifta av jorda på fleire av gardane.

Å bygga nytt av gamalt byr på utfordringar, spesielt med tanke på plass. Lausdrifta er 14 år gamal. Madrassane er modne for utskifting, og på ønskelista står ein skraperobot, om det er plass.

Veks ut or skalet

Magnar Tveite overtok garden i 1997, etter sine foreldre, Ingebjørg og Viking Tveite. Det var 16 kyr på garden, haustkalving, og ein mjølkekvote på 80-90 tonn. I dag tel buskapen rundt 40 årskyr og mjølkekvota er på 375.000 liter.

Magnar disponerer totalt 360 dekar dyrka og overflatedyrka jord, i tillegg til fjellbeite. Jorda som ligg lengst vekk er ikkje lenger enn 2,5 km unna heimegarden. Magnar nyttar eksisterande tårnsilo og pressar i tillegg 5-600 rundballar. Garden ligg 250-300 m.o.h.

Fjøset er bygd ut og om, og produksjonen auka år for år. Ein overbygd plansilo og høytørke vart riven og erstatta med lausdriftsfjøs i 2002. I oktober 2008 sette dei inn mjølkerobot som erstatta ei 2×2 tandem mjølkegrav. I 2012 bygde dei om det gamle båsfjøset til ungdyravdeling.

 

 

Stikkord denne saka: ,