Størst på økomjølk: Kvart år sidan etableringa for snart 20 år sidan, har Rørosmeieriet auke i volum. I 2019 handterte dei 15 millionar liter mjølk og hadde 192 millionar kroner i omsetting. Tal på tilsette har auka frå fire til førti. Frå venstre: Trond Vilhelm Lund, Anne Mari Langeng og Arnt Langen. Foto: Rørosmeieriet

Rørosmeieriet har auka omsettinga kvart år dei siste ti åra. No fryktar meieristyrar Trond Vilhelm Lund at det om få år blir mangel på økologisk mjølk til industrien. – Det vil auke importen, seier Lund.

Liv Kristin Sola

Dei siste ti åra har Rørosmeieriet hatt ei svært positiv utvikling med årleg vekst i volum og omsetting. Med femten millionar liter og 192 millionar kroner i omsetting i 2019, er meieriet størst på økologisk mjølk.
Meieristyrar Trond Vilhelm Lund trur veksten vil halde fram, men er redd det blir for lite økomjølk om kort tid.
Lund viser til at fleire europeiske land har mål om 25 prosent økologisk matproduksjon. Meieristyraren er ganske sikker på at Norge kjem etter.

Sterk vekst i sal av økomjølk

Inntil nyleg har Tine hatt stopp for nye leveringsavtalar for økologisk mjølk. Samstundes skjer det ein årleg nedgang i økologisk drive areal og produksjon. I avisa Nationen ga Tine nyleg motstridande signal om meierigiganten si satsing på økologisk mjølk. Konserndirektør Johnny Ødegård blir sitert på at etterspurnaden etter økologiske meieriprodukt har flata ut det siste tiåret. Ifølge Ødegård har meierisamvirket ikkje eit særskilt mål om å auke salet av økologiske produkt.
Uttalen fekk innkjøpsdirektør Tor Helge Gundersen i Coop Norge til å reagere. Han avviser i same avis Tine sine påstandar om at etterspurnaden etter økologiske meieriprodukt har flata ut. Gundersen viser til at både Rørosmeieriet og Coop opplever sterk vekst i salet av økoprodukt. Sidan lanseringa i 2010 har Coop si økologiske mjølk, Änglamark, hatt ein vekst på over ti prosent kvart år. I år vil salet av mjølk frå Änglamark passere ti millionar liter, berre til konsum. Innkjøpssjefen meiner samarbeidet med Rørosmeieriet og ein tydeleg vilje til å satse på økologisk mjølk er grunnen til suksessen.

Ber om signal frå Tine

Meieristyraren på Rørosmeieriet etterlyser fleire leverandørar og freistar med eit tilskot på 25 øre per liter i karenstida til bønder i regionen som vil legge om. Han trur Rørosmeieriet seinast innan fem år, åleine, vil få bruk for den ledige kapasiteten på økomjølk som er realistisk å få tak i (sjå boks).

– Då treng vi produsentar som er klare til å produsere, seier Lund.

Tida er knapp. Ei omlegging krev god kartlegging, planlegging og kunnskap om økologisk drift. I tillegg til karantenetida på to år, seier Lund.
Han fryktar ein situasjon der han har for lite økologisk råstoff til å dekke etterspurnaden.

– Mangel på råvarer kan tvinge Tine som marknadsregulator til å redusere si eiga økosatsing for å levere råstoff til Rørosmeieriet. Det vil føre til redusert utval av norske økoprodukt, spesielt ost, og opnar for meir import. Det er fallitt, seier Lund.

Håpet er at Tine Råvare gjennom ein høgare mjølkepris vil signalisere auka trong for økomjølk. Lund meiner eit slikt signal frå Tine er heilt avgjerande for at bonden skal tørre å legge om.

– Eg trur det er eit tidsspørsmål før Tine ser potensialet i økomjølka og kastar seg inn med tung marknadsføring. Då blir konkurransen tøff, konstaterer Lund.

Eigne leverandørar?

I samråd med Tine Råvare, betaler Rørosmeieriet ut tre øre ekstra til økoprodusentar i Rørosregionen. Bønder som reduserer kraftfôrforbruket får fem øre. Blir kraftfôrnivået redusert til under tjue kilo per hundre kilo EKM får bonden åtte øre per liter.

– Å stimulere økonomisk til betre drift er svært motiverande, både for bonden og oss, seier han.

Meieristyraren stadfestar at dei med jamne mellomrom diskuterer å knytte til seg eigne råvareleverandørar.

– Vi er såpass små at vi kan tenke dei små tankane og til dømes utvikle nye produkt knytt til driftsform og fôring på norske råvarer. Med eigne leverandørar og eigen rådgivar kunne vi i større grad styrt råvareproduksjonen.

Han trur dessutan dei med dagens rammevilkår hadde kome gunstig ut av det økonomisk, men vedgår samstundes at det er krevjande å rigge seg med eigne råvareleverandørar.

– Eg trur heller ikkje det er det produsentane ønsker. Spesielt ikkje her i Rørostraktene kor samvirket står sterkt, seier Lund.

Å stimulere økonomisk til betre drift er svært motiverande, både for bonden og oss.
Trond Vilhelm Lund

Økonomiske musklar

Tine har vore viktig for Rørosmeieriet heilt frå starten, men i sommar selde samvirkeselskapet seg ut. Samstundes vart det kjent at investeringsselskapet Salvesen & Thams kjøpte sytti prosent av aksjane i Rørosmeieriet.
Lund trur det var viktig for begge partar at Tine selde seg ut.

– Å vere eigd av ein konkurrent er ikkje spesielt gunstig. Og utan Rørosmeieriet som alibi for si økosatsing, håper eg Tine vil satse sterkare på øko, under Tine-logoen, seier Lund.

Med eit volum på 15 millionar liter har Rørosmeieriet passert Tine i volum på økologisk mjølk.

– Personleg er eg stolt over at vi har klart å utvikle dette til meir enn ein sær produksjon. Økomeieriet har rykka opp ein divisjon og forsterka laget med ein eigar med økonomiske musklar som ser det same utviklingspotensialet som oss. No er vi betre rusta til å satse på produktutvikling og samstundes jobbe for betre rammevilkår for økomjølk.

Lund meiner at dagens rammevilkår gjer det uaktuelt for Rørosmeieriet å satse på økologisk ost.

– Blir det for lite økomjølk i framtida, henger også Tine sin økoost i ein tynn tråd. Då vert det import, seier Lund.

Berre tre prosent av mjølka blir produsert økologisk. Høge kostnadar skal fordelast på eit lite volum, noko både bonden og industrien betaler ein høg pris for. Meieristyraren på Røros merkar seg at både Tine og faglaga meiner noko må gjerast med øko, men lite blir gjort. Han trur det må politisk vilje til for å betre rammevilkår for økomjølk slik at det vert økonomisk handlingsrom til å utvikle nye produkt og hindre import.

– Det hadde vore til god hjelp å sikre eit visst volum og omsetning gjennom offentlige innkjøp, slik som i Danmark. Med større volum hadde vi hatt ein meir robust industri, både med mjølk og kjøt. Vi hadde hatt fleire liter mjølk og kilo kjøt å fordele kostnadane på. Kraftfôrforbruket ville blitt redusert og fagmiljøa hadde blitt større, seier Lund.

Ti prosent økomjølk

Han meiner eit mål om ti prosent økologisk mjølk er realistisk. Det er ei tredobling av dagens volum. Det betyr at volumet må aukast med hundre millionar liter.

– Det er ei etablert sanning at effektiviteten ved omlegging til øko av ulike årsaker vert redusert med tjue prosent. Det betyr at 125 millionar konvensjonelle liter må leggast om for å auke volumet med økologisk mjølk med 100 millionar. Resultatet blir ein reduksjon i konvensjonell kvote med 25 millionar liter, noko som kan auke forholdstalet med 1,5 prosent for konvensjonelle kvotar, seier Lund.

Åtti prosent er realistisk

Kvart år blir det produsert kring femti millionar liter økomjølk her til lands. Det er rundt tre prosent av det totale mjølkevolumet på 1500 millionar liter.
Då Rørosmeieriet vart etablert i 2001, vart under førti prosent (20 mill.) av den økologiske mjølka handtert og selt som økologisk. I dag er talet rett under seksti prosent (30 mill.). Kring tjue millionar liter blir altså selt som konvensjonell mjølk.

– Med auka etterspurnad er det realistisk å bruke halvparten av dei resterande litrane. Dei siste ti millionane blir levert frå bruk som ligg krevjande til med tanke på logistikk og inntransport. I tillegg går noko volum vekk i samband men helg og feriar, seier Lund.

Meieristyraren minner om at ti millionar liter er mindre enn det Rørosmeieriet har vakse dei siste sju åra. I 2013 passerte dei fire millionar liter og i dag handterer dei femten millionar liter økomjølk. Og veksten held fram.
283 økologiske mjølkeprodusentar leverer rundt femti millionar liter mjølk. 228 av produsentane held til på gardsbruk i Trøndelag og på Austlandet. Dei leverer opp mot nitti prosent av all økomjølk.  

Stikkord denne saka: ,