Tørt og godt underlag, jamleg kontroll og stell av klauvene, og eit systematisk avlsarbeid er nøkkelen til god klauvhelse.

Liv Kristin Sola

– God klauvhelse er viktig for trivselen til sauen, for å oppretthalda ein god produksjon og for å få nytta utmarksbeitene, sa Siri Haugland frå Nortura.

Saman med veterinær Marit Johanne Apeland, var Haugland invitert av Time Sau og Geit, til å sette søkelyset på klauvstell hos sau. Eit tema det tradisjonelt ikkje har vore så mykje snakk om.

– På sau treng me ikkje ha på fin-giret, men det er viktig å ha kontroll på det ein driv på med, og gjera ein god jobb, understrekar Marit Johanne Apeland.

Klauvvekst

Klauvveggen veks nokre mm i månaden. Kor mykje, avheng av kva type underlag sauene går på. Vegg og tå veks og etterkvart vert meir vekt lagt lenger bak på klauven. Slitasjen på balleområdet aukar og forsterkar veksten framme i tåa. Dermed aukar også veksten i klauvveggen, på grunn av mindre slitasje, og veks dermed inn under klauven.-

– Sauen skal gå på tørt underlag, uavhengig av type underlag, sa Siri Haugland.

Problemklauver går i arv

Rette bein, parallell beinstilling og klauver med rett form er viktig for ein normal og sunn klauvvekst. Både beinstilling og hornkvalitet er arveleg, noko som bør tas omsyn til i avlen. Når du ser sauen forfra og bakfra, skal beina være parallelle. Dyret skal stå rett på beina og ha klauver med en korrekt klauvform.

 

 

 

Stikkord denne saka: ,