• Leif Håkon Korsbø har både sau og storfe. Fleire tips og tankar vart delt med dei unge bøndene.

 

Første år med Dalane Young Farmers er overstått. Sjølv er dei godt nøgd med mottakinga, og ser fram til ny start til hausten.

 

Jane Brit Sande
– Me har fått mykje god respons, og det er veldig kjekt, seier Anbjørn Grønning, styreleiar i Dalane Young Farmers (DYF).

Eit knippe unge bønder var samla for siste samling før sommaren. To nabogardar på Sætra i Lund kommune vart vitja, Leif Håkon Korsbø og Svein Arve Hamre viste gladeleg fram eigne gardar.

Etter første året

Første møte var i slutten av mars i 2014, og sidan har dei hatt fleire samlingar med både fagmøter og synfaring i forskjellige fjøs.
– I snitt har me vore mellom 25 og 30 som møter på samlingane. Nokon kjem kvar gong, medan andre varierer litt. Det blir stilt mange spørsmål på samlingane, spørsmål som gjerne ikkje ville blitt stilt om me var samla med meir erfarne bønder, fortel Grønning.
– Det er ikkje berre frå Dalane folk kjem, innimellom stikk det nokon frå Vest-Agder innom, avhengig av kvar samlinga er, held han fram
– I tillegg har me fått god respons og mottaking i landbruksmiljøet.

Ser framover

DYF starter opp igjen med samlingar til hausten. Litt arbeid gjenstår på den formelle sida, papir skal sendast inn slik at det blir ein registrert stiftelse.
–    Me har heldigvis nokon som kan hjelpe oss med alt dette, smiler Grønning.
Målet er samlingar litt oftare enn det som har vore til no, gjerne annankvar månad, i følgje Grønning. Hausten blir sparka i gong med eit gardsbesøk.

Stikkord denne saka: , ,