BN+

Gjeld: Utgifter til kraftfôr, innkjøpt grovfôr og andre driftsmiddel kan i krevjande periodar på garden føra til at lausgjelda aukar. – Tett kontakt med banken, kraftfôrleverandøren og rekneskapsføraren, er råda frå intervjuobjekta i denne artikkelen.


Tveit Regnskap har døme på bønder med fleire millionar i lausgjeld. Rekneskapsførarar, vareleverandørar og bankar er urolege.


Sjur Håland


– To dårlege fôrår og overskotssituasjonen på fleire landbruksprodukt, er truleg blant årsakene til at likviditeten hjå enkelte bønder er under press, seier Torgeir Erfjord, direktør landbruk i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA).

Er uroa

Han vil ikkje definera situasjonen som bekymringsfull, men er uroa over trenden. Erfjord understrekar at FKRA alltid jobber for auka lønnsemd hjå bonden og freistar å få ut varene til best mogleg pris. Han ber bøndene kontakta banken om det skulle oppstå periodar med stressa økonomi i staden for å auke kraftfôrgjelda.


– Me som er vareleverandør, skal ikkje vera bank. FKRA har god dialog med bankane, som delar dette synet. Det blir feil og alt for dyrt for både oss og kundane våre å velja å utsetja betalinga av kraftfôr og gjødsel og slik opparbeida seg dyr lausgjeld. Då kan du lett få eit etterslep som blir vanskeleg å henta inn att, seier Erfjord.

Vil du lese denne og andre artiklar på nett?
LES BONDEVENNEN DIGITALT FRÅ 60,-


Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.



Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka:
Share This