BN+

Treng hjelp: Innhausting er hardt arbeid, og eple må handterast med silkehanskar. – Det er ikkje berre berre å læra opp nye arbeidarar, seier Kari Lutro.


Landbruksdirektør Christian Rekkedal meiner Vestland treng 2000 sesongarbeidarar for å sikra avlingane av frukt, bær og grønsaker. Korona-krisa har skapt stor uro i landbruket, men regjeringa gjer no grep som opnar opp for utanlandsk arbeidskraft.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Me har ikkje snakka med kvar einskild produsent, men har innhenta tal og vurderingar frå fruktlager og mottak for frukt og grønsaker i heile fylket, seier Christian Rekkedal, landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Vestland.


Fruktlagera treng sjølve eit par hundre sesongarbeidarar, og ute hos fruktog grønsakbøndene ligg behovet truleg kring 1800. Til saman altså 2000 sesongarbeidarar må til for å dyrka, hausta og handtera alt som blir produsert av grønsaker, frukt og bær i Vestland, eit stort fylke med frodige frukt- og grøntregionar som Nordfjord, Sogn og Hardanger.

Treng nasjonal løysing

– Me har formidla dette talet til landbruks- og matdepartementet, slik at dei skal vita omfanget. Det aller meste av sesongarbeidarar er utanlandsk arbeidskraft. I tillegg kjem alle dei som er tilsett i landbruket elles, som faste avløysarar, gardsarbeidarar eller som driv med hogst, køyring og planting. Foredlingsbedrifter har også mykje utanlandsk arbeidskraft heile året, seier Rekkedal.


Landbruksdirektøren i Vestland understrekar at fylke og faglag kan spela inn behov og omfang, men at det er dei sentrale partane som må finne tenlege løysingar på nasjonalt nivå.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: