Håvard Håland

Bonden Håvard Håland kunne tenke seg meir informasjon og openheit kring formidling av mjølkekvotar.

Håvard Håland er på jakt etter mjølkekvote, og er frustrert over lite informasjon og teieplikt frå NLR Rogaland.

 

Jofrid Åsland

 

– Planane er klare, lånet i boks og godkjenningar frå kommunen er på plass. Eg manglar berre større kvote til å produsere meir mjølk, fortel Håvard Håland.

Han er nokså nybakt bonde på Bråstein i Standnes kommune i Rogaland. Håland overtok heimegarden i 2014. Håpet hadde vore å vere i gang med bygging av nytt fjøs til ungdyra no, men bonden våger ikkje å trø gasspedalen heilt til inn, før han veit kor mykje mjølk han får lov til å produsere. Håland er no i full sving med utviding av tankrommet. Målet er å auke kvoten frå 135.000 liter mjølk til 250.000 liter mjølk. Han har nyleg kjøpt ein kvote på 19.900 liter, men ynskjer å leige eller kjøpe meir. Bonden visste at den statlege mjølkekvoten frå Åna ville kome på marknaden, og hadde eit håp om at han kanskje kunne få tak i nokre dråpar frå dei 750.000 litrane.

Teieplikt i staden for informasjon

Bonden frå Bråstein har fleire gonger snakka med tilsette hjå NLR Rogaland (Norsk Landbruksrådgiving), som formidlar mjølkekvotar i fylket.

– Eg sett stor pris på arbeidet NLR gjer, men kunne tenkt meg meir openheit og informasjon kring kvotesal, seier Håland.

Då han ringde til NLR for å prøve å få vite meir om mjølkekvoten frå Åna fengsel, fekk han til svar at NLR ikkje kunne gi informasjon på grunn av teieplikt.

– Eg synast det er rart at informasjon om ein statleg kvote skal gå inn under teieplikta, undrast Håland.

Bonden opplever at det er eit stort sug i Rogaland etter mjølkekvoter, noko som pressar literprisen opp. Håland er usikker på korleis ein best kan løyse utfordringar med høge prisar og få kvotar på marknaden. Han understrekar at det er viktig å utnytte kapasiteten og viljen til å produsere mjølk i Rogaland.

– Kvifor så hemmeleg?

Frist for kjøp og sal av kvote er 1. juli hjå NLR, medan fristen for leige og utleige hjå NLR er 1. september.

– Eg forstår ikkje kvifor informasjon om mjølkekvotar for sal og leige må vere så hemmeleg, og når det er snakk om ein statleg kvote trudde eg informasjonen var offentleg, seier Håland.

Han kunne tenke seg eit system med meir informasjon når det gjeld formidling av mjølkekvotar.

– Dersom det fanst ei nettside der ein kunne gå inn og få oversikt over kva kvotar som er for sal og leige ville det vore ei super løysing, trur bonden.

Han har fått opplyst at NLR i somme tilfelle har kriterier frå seljar, men at han ikkje kan få vite kva kriteria er, på grunn av teieplikta. Vidare har Håland ringd til NLR og spurt etter kvotar for sal, og fått beskjed om at det akkurat vart seld ein kvote, utan at han vart kontakta som interessert kjøpar. Han opplever systemet som tilfeldig i forhold til kven som får kjennskap til kva kvotar som er for sal.

– Eg har ingen problem med at seljar har kriterier, som at kjøpar skal bu i ein viss nærleik til garden eller liknande. At eg ikkje kan få noko informasjon. Det irriterer, seier bonden.

Håland skulle gjerne sett at kriteria frå seljar vart opplyst om, slik at kjøpar sjølv kunne vurdere om han/ho var i målgruppa.

– Som meldlem av NLR Rogaland ynskjer eg meg openheit framfor hemmelegheiter, summerer Håland.

 

Held fast ved teieplikta

Rekordmange er interessert i kjøp og sal av mjølkekvote i år. Dagleg leiar i NLR Rogaland ser praktiske utfrodringar med større openheit kring sal av mjølkekvotar.

På sine nettsider opplyser NLR Rogaland (Norsk Landbruksrådgiving) om stor ubalanse i marknaden når det gjeld ledige mjølkekvotar for sal eller utleige. Ifølge NLR er det rekordmange som har meldt interesse for å kjøpe og leige mjølkekvote i år.

– Det er marknadskreftene som rår, med tilbod og etterspurnad. Me kan ikkje gi ut informasjon om einskilde tilfelle eller kriterier for einskilde sal eller utleige av omsyn til teieplikt, seier Liv Oddny Slettebø, administrasjonssekretær hjå NLR Rogaland.

Ho kan opplyse om at talet på omsette mjølkekvotar er nær same tall som i fjor. Når det gjeld utleige av kvotar er talet så langt noko lågare enn i fjor, men NLR Rogaland sin frist for utleige er ikkje før 1. september. Difor kan dette talet endå endre seg. «Det er og interesse for å strekka seg i pris på leigekvote, mange ventar på ein sjanse til å auka kvotemengda i sin mjølkeproduksjon», skriv NLR Rogaland på sine nettsider.

22 mjølkekvotar har vorte omsett i år, og så langt har 26 kvotar blitt omsett for utleige, gjennom NLR Rogaland si formidlingsteneste for kvotar i Rogaland.

Gir generell informasjon

Når det gjeld spørsmålet om større openheit frå Håvard Håland fortel dagleg leiar hjå NLR, Helga Hellesø, at dei arbeider etter prinsippet om at dei ikkje opplyser om kven som inngår avtale med kvarandre, og at det ikkje er uvanleg når det vert inngått avtalar mellom to partar.

– Kvotane går ut med ein gong me får dei inn. Då fordeler me kvotane etter vårt system, seier Hellesø.

Dei kjøparane som er interesserte i å kjøpe eller leige kvote, står på ei liste hjå NLR Rogaland, og får tekstmelding på telefonen når det kjem inn ledig mjølkekvote.

– Eg ser ikkje føre meg at det ville vore praktisk løyseleg med ei nettside med informasjon om kvotane. Dette fordi det er så lite kvotar i omløp, seier Hellesø.

Ho opplyser at NLR Rogaland kan gi ut informasjon om kvotar og kriterier på eit generelt grunnlag.

Hellesø peikar på at det er positivt at mange ynskjer å satse på landbruk og mjølkeproduksjon.

NLR kjem ikkje inn under forvaltningslova, då NLR er privateigd. Forvaltningslova set krav til offentlege instansar når det gjeld kva informasjon som skal vere open for alle og kva som ikkje skal vere offentleg, og kjem inn under teieplikta. Som privateigd kan NLR Rogaland sjølv velje kva opplysningar som skal vere offentlege.

Stikkord denne saka: ,