
Naudslakt, behandle eller vente og sjå? Bonde Lars Woie meiner at ei lite smidig naudslakteordning bidreg til at dyr lir meir enn dei burde. Illustrasjonsbilete.
Er det greitt å vente og sjå det an om du har ei ku med teikn på kvast, eller ei nybær ku med to knallharde jurkjertlar?
Sjur Håland
– Nei, meiner bonde, Lars Woie, og etterlyser større smidigheit i naudslakteordninga. Woie driv mjølkeproduksjon i Austre Moland Samdrift i Arendal. Han erfarer at å ha ansvar for levande dyr krev raske avgjersler, noko dagens reglar for transport og slakting av storfe ikkje alltid legg opp til.
To harde kjertlar
– Ei ku her på garden hadde nyleg alvorleg mastitt i to jurkjertlar rett etter kalving. Eine jurhalvdelen var steinhard og uråd å behandle. Eg såg at ho aldri kom til å bli god att, og prøvde å få levert kua som ordinær slakt tre dagar etter at ho hadde kalva, men det var uråd. Grensa for transport er sju dagar etter kalving.
Woie tok kontakt med veterinær for å få kua vurdert som naudslakt.
– Det lukkast heller ikkje. Kua var for frisk, seier han.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.







