Rom for auke: Urte- og grønsaksbonde Helge Todnem i veksthuset saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Både grøntprodusent Torleif Todnem og landbruks- og matminister Jon Georg Dale ønskjer å forlenga sesongen for norsk frukt og grønsaker.

Bothild Å. Nordsletten

Rogaland synte seg frå si beste side då Jon Georg Dale vitja matfylket i førre veke for blant anna å snakka om frukt og grøntsatsinga i jordbruksoppgjeret. Sola steikte under besøket på Frøvoll gard i Randaberg kommune. Her, saman med faren Helge Todnem, dyrkar Torleif Todnem urter og grønsaker – produkt som forbrukarane stadig ønskjer meir av. Bodskapen hans til ministeren er klar.

– For oss er tollvernet den største saka. Me må halda oppe tollvernet på kruspersille. Me har potensial til å auka produksjonen, men utan tollvernet, får me ikkje strekt sesongen.

Stort rom for auke

Også ministeren har merka seg potensialet for meir norske produkt i butikkane. Samstundes er det ei kjensgjerning at dei ofte blir utklassa av billegare import.

– Korleis skal norske varer lukkast med å ta ein større del av marknaden frå importen?

– Utfordring er at sesongen ikkje blir lang nok. Den kunne ha starta litt før og slutta litt seinare, seier Dale til Bondevennen.

– Dette er det stort rom for. Det handlar om å få fleire produsentar i fleire klimasonar, slik at me får variasjon i kva tid dei er leveransedyktige til den norske marknaden. Dermed handlar det også om å få stort nok volum slik at grossistane og butikkane kan kjenna seg trygge på at dei får leveransar, slik at dei ikkje treng å ta inn import i den delen av sesongen.

– Sjølv i norsk tollperiode på til dømes tomat, blir det importert fleire tusen tonn tomatar, medan ein del norsk vare ligg på lager. Kva kan gjerast for å betra marknadstilgangen for våre eigne produsentar?

– Dette er ein del av risikoen som er i frukt og grøntnæringa, ei næring som også gir store avkastingar i periodar. Ein viss risiko på marknadssida må ein leva med. Samstundes er det jo slik at me har periodar der tollbarrierane i frukt og grøntsektoren endrast for å ta omsyn til den norske marknaden. Det skulle normalt tilseie at produsentane får tilgang til marknaden. Det er det tollbarrieren er meint å gjera, og det må me vona at den vil gjera over tid, svarar Dale.

Voldsam satsing

– Jordbruksoppgjeret inneber ein del løft for frukt og grøntnæringa. Korleis vil regjeringa sikre gjennomføring av prioriteringane som er gjort?

– I oppgjeret avtalar me dei økonomiske ramane, som gjev inntektsmoglegheiter for bøndene. Så får dei ta vala og prioriteringane. Med dei siste oppgjera har me satsa voldsamt på frukt-, grønt- og korn økonomien, fordi det er der det er størst marknadsmoglegheiter. Så vonar eg at me ser ei vriding i retning desse produksjonane og at me får opp produksjonsvolumet. Det handlar ikkje berre om at folk må slutta med det dei driv med og legga om. Det handlar om at me har mykje areal som ved betre utnytting, til dømes gjennom vekstskifte, bidreg til at me kan auka vår totale matproduksjon. Det ville vore veldig bra for norske forbrukarar og for økonomien til den norske bonden.

Går for CO2-avgift

– Veksthusnæringa er uroa over regjeringa sitt ønskje om innføring av ei CO2-avgift og fryktar at det kan føra til nedleggingar – ikkje auka matproduksjon. Ser du paradokset?

– Eg har sett spekulasjonar på innrettinga av ei avgift som det ennå ikkje har kome eit framlegg om. Eg forstår godt at folk posisjonerar seg, men det er overhovudet ikkje noko grunnlag for å konkludera slik no. Me kjem til å jobba vidare med CO2-avgifta, men innrettinga er viktig. Eg har invitert frukt- og grøntnæringa til diskusjon om korleis me skal gjera dette, slik at me tek omsyn til hovudmåla, som er auka matproduksjon og redusert CO2-utslepp, slik at jordbruket tek sin del av oppfølginga av Paris-avtala. Og så skal me stimulera på andre måtar, slik som gjennom investeringsmidla og midla me gir til teknologiutvikling i veksthusnæringa. Eg er heilt sikker på at denne næringa klarar seg godt i fortsettinga.

Stikkord denne saka: ,