BN+

God stemning: 400 deltakarar på Øko2020 nytta pausane til å oppdatere seg fagleg og til god drøs.


Lars Petter Bartnes meiner det var uheldig at styresmaktene fjerna den nasjonale målsettinga for økoproduksjon. – Vi må få på plass eit nytt produksjonsmål for økologisk produksjon, seier bondelagsleiaren.


Liv Kristin Sola


Innspelet kom då Bartnes opna den nasjonale økokongressen, Øko2020, på Hellerudsletta utanfor Oslo, tysdag i førre veke. I salen sat over fire hundre deltakarar og applauderte kravet.

Vil ha produksjonsmål

Bondelagsleiaren slår fast at økologisk landbruk både har eigenverdi og er ein viktig del av mangfaldet landbruket skal levere på til forbrukar. Bartnes trekker fram økologisk produksjon som ein viktig spydspiss for landbruket. Ei rolle han meiner bør styrkast ytterlegare, ikkje minst med tanke på jordkompetanse og kunnskap om karbonlagring i jord. Utvikling og overføring av denne type kunnskap krev at det er økologisk produksjon over heile landet.
Bartnes tek til orde for ei sterkare satsing på økologisk matproduksjon, uavhengig av etterspurnad, og peiker på tre mål:


– Det offentlege må få opp auga og auke øko-delen i offentlege innkjøp.


– Vi treng konkrete produksjonsmål for å lukkast.


– Vi treng meir kunnskap og forsking, ikkje minst for å styrke økolandbrukets spydspissfunksjon.


Til samanlikning har både danske og svenske styresmakter slike mål. I Sverige er målsettinga at 60 prosent av offentlege innkjøp skal vere økologiske innan 2030. Bondelaget vil ha på plass eit nytt produksjonsmål også her til lands, og ønsker ein runde på kva som er fornuftig ambisjonsnivå.

Naboane meiner alvor

Dagens møteleiar, Aina Bartmann, meiner det skjer mykje positivt innan økologisk landbruk, men minna samstundes om at vi ligg langt etter i utvikling, målt mot våre naboland. Om lag to prosent av omsetting i marknaden og fem prosent av areal er status. Svenskane har mål om at tretti prosent av jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2030. I Danmark skal marknadsdelen for økologisk mat aukast frå tolv til 24 prosent.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: