Mekanisering: Jærbedrifta TKS vil tilby produkt tilpassa mangfaldet i norsk landbruk. Frå venstre: Seljar Mons Tore Ueland, marknadssjef Tønnes Helge Kverneland og dagleg leiar Atle Sjølyst Kverneland.

Den norske bonden er i teknologi-verdstoppen. TKS produserer heilautomatisk grovfôrhandtering, men leverer også enklare alternativ.

Sjur Håland

– Det finst framleis bønder som gjerne vil ha ei silotalje og greie resten med høygaffel og trillebåre. Me vil vera aktuelle for alle, seier marknadssjef Tønnes Helge Kverneland.

Smedane på Kvernaland på Jæren har vore kjende for å laga kvalitetsprodukt i meir enn 200 år. Då Trygve Kverneland tok til med produksjon av ljåar, sigdar, saksar og knivar i 1930, var det byrjinga på eit jærsk landbruksindustrieventyr der siste kapittel langt frå er skrive.

16.000 høykanonar

Produktutviklinga har gått føre seg med kvantesprang. Ut frå TKS-fabrikken på Kvernaland har det, mellom mykje anna, rulla ut 16.000 høykanonar. Tusenvis av ulike traktorreiskap, silotaljar, grastransportørar, matebord, apetittfôringsvogner og, ikkje minst, silorivarar. Snart tjue år inn i det 21. hundreåret blir det framleis konstruert nye produkt, valsa og klipte ut av tunge stålplater under høge tak i fabrikken.
I dag er det tredje generasjonen som driv familiebedrifta vidare. Av dei fire søskenbarna som har sitt daglege virke i bedrifta, er det no Atle Sjølyst Kverneland som har teke over som dagleg leiar etter Tønnes Helge Kverneland, som har hatt stillinga i 20 år. Atle er sivilingeniør innan fagfeltet materialteknologi kor han også har teke ei doktorgrad. Etter mange år i olje og gassnæringa, er han tilbake hjå TKS.

– Eit heilt udramatisk skifte. Heller ei erkjenning av at det er viktig med friske auge og ny giv, seier Tønnes Helge, som nå skal arbeida med sal og marknadsføring.

Tøff marknad

Dei to held fram at utviklinga i landbruket er enorm. Marknaden er tøff og konkurransen hard. Det handlar om produktutvikling, marknadsføring og sal.

– Ikkje ulikt slik våre kundar, bøndene, opplever sin kvardag, seier dei.

Dagens TKS-utfôringssystem er bygd på den legendariske silorivaren, som hang på skinner eller trilla på gummihjul gjennom fôrgangane i svært mange fjøs frå starten på 1970-talet. Dei som var så slitesterke at du omtrent kunne sjå gjennom platene når surfôret hadde gjort sitt med stålet etter fleire tiår i drift.

– Fysiske storleikar og teknikk er mykje likt i dag, men sjølvsagt har me forsterka og forbetra der det har vore naudsynt, seier Tønnes Helge.

Miks: TKS FeedMixer med transportør, som mater opp grovfôret på FeedBelt. Foto: TKS

Fôring: TKS sitt utfôringsbelte, FeedBelt, i drift. Foto: TKS.

Tilpassa båsfjøs

TKS-leiinga følgjer nøye med på det som skjer i landbruket. Om kring halvparten av mjølkefjøsa er båsfjøs i dag, og det er usikkert kor mange av desse som vil driva fram mot kravet om lausdrift trer i kraft, i 2034 – og kor mange som vil vera med etter den tid.

– Båsfjøsa er uansett ein del av ryggrada i det norske landbruket. Desse bøndene vil trenga tilpassa mekanisering og utstyr i mange år framover. Målet for TKS er å tilby eit mangfald av maskinar og utstyr tilpassa alle typar fjøs og bruksstorleikar, understrekar Tønnes Helge.

På landbrukssida er hovudporteføljen til TKS i 2019 transport, løft og handtering av grovfôr og kraftfôr til storfe og småfe. Kombikuttaren kan leverast som stasjonær eller skinnegåande.

– Tar du steget heilt ut, kan du bygga opp eit avansert automatisk system rundt kombikuttaren, med dei same grunnelementa, forklarar Atle.

Vil auke eksporten

Auka eksport står på agendaen hjå TKS. Dagens eksport, ti prosent av produksjonen, kan gjerne bli 20-30 prosent om nokre år. Strølina, som strør automatisk med halm i djupstrø, er eit populært TKS-produkt i utlandet, fortel Mons Tore Ueland, mangeårig seljar hjå TKS.

– Med dette utstyret blir kvaliteten på tallen jamn og god. Bønder frå Tyskland, Sverige og Frankrike er gode kundar på dette utstyret.

TKS har levert fôringsanlegg til land som Tyskland, Frankrike, Nederland, Canada og Japan. Færøyane med sine 50.000 innbyggarar har også sans for dei jærske grovfôrhandteringsprodukta. To heilautomatiske anlegg er levert, medan det tredje snart skal pakkast og sendast. Ein heil gjeng med bønder frå øygruppa nord for Skottland kjem til Agrovisjon 2019 for å læra meir om det norske landbruket.

– Der har me faktisk nær 100 prosent av marknaden hjå bønder som legg om til mjølkerobot, seier Mons Tore.

– Korleis rustar de dykk for tida som kjem?

– Me må ha utstyr som passar til alle. Frå deltidsbonden som treng å rive rundballar til 30 sauer, til bonden med 700.000 liter i kvote som vil ha ei heilautomatisk fôringsline, seier Mons Tore Ueland.

Stikkord denne saka: , ,