bv47_aktuelt4b

Hilde Lussand Selheim og Lars Selheim har «Landets minst reisevande dyr». Under Øystesemøtet fekk dei tildelt BU-prisen for Voss Gardsslakteri.

Liv Kristin Sola

Hilde og Lars tok over garden i 1993. Ni år seinare bygde dei nytt fjøs til storfe og gris. Familien Selheim driv i dag kombinert svineproduksjon med 40 purker og rundt 800 slaktegris i året, fordelt på to grisingar. Om sommaren har dei rundt 150 utegris, som dei slaktar rett frå «beite». Mjølkekvoten er ein del av ei samdrift med 45 årskyr og 365 tonn mjølk, som vert produsert på garden på Selheim.

Stadig lengre transport frå gard til slakteri vart ikkje haldbart for Hilde og Lars på Selheim. Dei ville ikkje akspetera at det ikkje var fleire slakteri att i heile Hordaland. Dei ville slakte heime. I 2008 investerte dei fleire millionar og etablerte Voss Gardsslakteri heime på garden.

bv47_aktuelt4c

Bilete frå då Bondevennen var på besøk på Voss Gardsslakteri våren 2015.

God dyrevelferd og kort sistereis

Ole-Andreas Smette frå Innovasjon Norge, delte ut Bygdeutviklingsprisen for Hordaland. Han trakk blant anna fram dyrevelferd og kortreist slakt i si grunngjeving. Voss gardsslakteri slaktar og foredlar storfe og svin frå eigen gard, i tillegg til innkjøpte lam/sauer. Lamma vert slakta rett frå fjellbeite, 150 slaktegris går ute om sommaren, og ammekalv frå vestlandsk fjordfe vert slakta rett frå fjellbeitet. Slakteriet tilbyr også leigeslakting. I 2015 slakta dei 70 tonn kjøt.

 

Bill.mrk. treng hjelp

Hilde og Lars Selheim har utsal på garden, bestilling på nett, og utkøyring direkte til lokale kundar.

– Me kunne køyrt til Bergen og skapt oss ein marknad, men me vil gjerne at kundane våre skal kome til Voss for å kjøpe kjøt frå Voss Gardsslakteri. Me ønskjer å framheve den lokale tilknytinga til produktet, seier prisvinnarane.

Slakteriet er i sterk vekst, både i volum og produktutvikling. I tillegg er dei sjølve ansvarlege for den daglege drifta av garden.

– Flaskehalsen er arbeidspresset. Me treng hjelp, seier Hilde og Lars Selheim, og inviterer personar som likar ein fleksibel og utfordrande arbeidsplass til å ta kontakt….

Juryen si grunngjeving for tildelinga:

  • Bedrifta vart etablert i 2008 og er i sterk utvikling. Totalt har omsettinga på garden nådd eit tosifra millionbeløp.
  • Verksemda er basert på kortreist mat, miljømessig bærekraft og utstrakt beitebruk.
  • Dyrevelferd er tydeleg prioritert i forretningsmodellen.
  • Verksemda driv betydeleg produktinnovasjon, med mange nye og spennande produkt.
  • Eigarane har høg kompetanse innan økonomi, matproduksjon og dyrehelse.
  • Dei har skapt eit teneste- og produkttilbod som både bønder og forbrukerar kan nytte seg av, og som har skapt ringverknader langt utover eigen kommune.
  • Eigarane har synt at det er fullt mogeleg som bonde å sjølv ta over foredling og sal av råvarene, og slik skape meirverdi både på garden og i bygda

 

bv47_aktuelt4d

Stikkord denne saka: ,