18. oktober 2016 | Utgjevingar
Bondevennen 42
21. oktober
I Bondevennen denne veka treff du Ole Anton Liverud, mjølkebonde på Undheim i Time, Rogaland. Han deler sine byggeplanar, og ressursane på garden er grunnlaget for framtidig drift. Bondekona Gunhild Lovise Maudal ville gjere noko utanom det vanlege. Med tid og mot i ryggsekken, blei ho kokebokforfattar.
Rogaland Bygdeungdomslag blir 70 år i år, og dette skal markerast som seg hør og bør, med feiring i Varhaughallen. Er du, eller har du vore medlem? Då vil dei ha deg med!
Faglege innslag denne veka handlar om smitte i pelsdyrgarden, fôring i ammekuproduksjon og livssyklusen til lyssiv og knappsiv. I serien om reglane for produksjons- og avløysartilskot, kan du denne gong lesa om paragrafane 3 og 4, som handlar om tilskot til husdyrhald og jordbruksareal.
18. oktober 2016 | Aktuelt
Forma var det ingenting å utsetta på, då 70 år gamle Norges Bygdeungdomslag arrangerte hausttevling på Nærbø, Jæren, helga 14.-16. oktober.
14. oktober 2016 | Leiarar
Ikkje før slapp den rekordhøge septembervarmen taket før den politiske temperaturen nærma seg kokepunktet. Torsdag i førre veke la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2017, det fjerde og siste borgarlege budsjettet før valet neste år.
11. oktober 2016 | Fagartiklar
Nøkkeltala frå 2014 som er utarbeida av Rekneskapslaga på Jæren og Dalane, synar stor variasjon i driftsresultatet hjå mjølkeprodusentane.
10. oktober 2016 | Utgjevingar
Bondevennen 41
14. oktober
Med bakgrunn i det aukande behovet for økologisk produksjon i Norge, vart det i slutten av september arrangert fagmøte for produsentar. – Me må prodsera det forbrukarane etterspør, sa Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag. Felleskjøpet Rogaland Agder får ny kraftfôrfabrikk hausten 2018. Ei investering på 200 millionar kroner skal gi dei større kapasitet, og gjere dei langt meir effektive og fleksible. Sparebanken Vest frir til landbruket. Geir Ingve Øglend er øko-bonde på Auglend i Sandnes kommune, Rogaland. På garden blir det produsert mjølk og sau. Han meiner meir¬arbeidet i øko-produksjonen må vere lønsamt. I Austerrike har dei ein unik tradisjon. Bøndene inviterer til fest, og pyntar dyra for buføring. Ein folkefest for lokalbefolkninga, for austerrikske bønder, og for imponerte turistar. Norsk Landbruksrådgivning bidreg med fleire sider fagstoff. Her får du lese om erfaringar med importerte jordbærplanter, fôrkvalitet, og næringsinnhald i gjødsel frå mink.
7. oktober 2016 | Fagartiklar
Det er tid for å planlegge neste års kvalitetsproduksjon av lammekjøtt. Avlsarbeidet i flokken bør være en del av planen.
7. oktober 2016 | Leiarar
Om vi likar å definera Rogaland som Matfylket, kan vi ikkje i like stor grad hevda at kystfylket Rogaland er særleg omfattande når det gjeld skog. Berre to prosent av samla skogareal her i landet er å finna i Rogaland.
6. oktober 2016 | Aktuelt
Har du ein utkøyrd Gråtass på låven? Hjå Bryne Bil på Jæren får han flunkande nytt liv.