5. oktober 2016 | Aktuelt
Magnus Søyland er skeptisk til meir skogplanting i Rogaland. På garden familien hans driv, har det vore tradisjon for å utnytta beiteareala maksimalt med brenning av einer og kratt, og bygging av vegar for å koma til med husdyrgjødsel.
4. oktober 2016 | Utgjevingar
Bondevennen 40
7. oktober
Kan grisen transporterast til slakteriet eller ikkje? Bondevennen har vore på møte i regi av Norsvin, og formidlar oppdatert informasjon om viktig dyrevelferd.
I tillegg til grisen, blir det mykje stoff om sau i vekas Bondevennen. Vi har vore på Gyland hjå Ståle Haukelid og sett på statusen i besetninga hans. Ståle er nøye på avlsopplegget og vil ha høg indeks på dyra.
Meir om saueavl, både teori og praktiske råd, får du i vekas aktuelle fagartikkel frå Norsk Sau og Geit.
Sør i Hå kommune har eit engasjert ektepar rusta opp ein gammal kystgard. Kulturlandskapspleia er det ein flokk alpakkadyr som tek seg av.
NIBIO presenterer første del av ein artikkelserie om rotugrasa lyssiv og knappsiv. Her får du råd om både kjemiske og mekaniske tiltak.
Det er mange grunnar til å lesa vekas utgåve. Vi prøver å gje deg nokre svar på kvifor variasjonane i driftsresultata i mjølkeproduksjonen er så store, kvifor Rogaland bør planta klimaskog, og kvifor fytase er så viktig i kraftfôret.
I tillegg får du svart på kvitt, nok ein gong, dokumentert at ikkje alt går på skinner for dei som driv med
Neste blad kjem i postkassane 14. oktober!
4. oktober 2016 | Aktuelt
Delar av Rogaland gror att med lite produktiv skog. Nå vil styresmaktene motivere til skogplanting som eit klimatiltak og har løyvd 15 millionar kroner til planting på nye areal.
2. oktober 2016 | Aktuelt
Klosterlam imponerte en erfaren fagjury, og Klostergården kan knytte Spesialitetsmerket Unik Smak til lammekjøttet de produserer.
30. september 2016 | Fagartiklar
Et viktig mål for landbrukspolitikken i Norge er å opprettholde et aktivt jordbruk over hele landet. Til dels er dette både et spørsmål om å ta vare på de ressursene vi har i Norge og ivareta mulighetene til fortsatt å produsere norsk mat.
30. september 2016 | Leiarar
Få, om nokon anna næring har ein så stor horde av meiningsberarar innafor og utafor eiga næring som jordbruket. Korleis skal jordbruket organiserast og korleis skal maten produserast? Matproduksjon er politikk. Mat og miljø er på dagsorden, alltid.
29. september 2016 | Aktuelt
Omdømme er bildene som dukker opp i hodet på folk når de tenker på et firma, et produkt, en organisasjon, eller en person.
29. september 2016 | Utgjevingar
Bondevennen 39
30. september
– Bonden er den viktigaste aktøren i det store samfunnsoppdraget for å sikra matryggleiken til folket, skriv Bondevennen på leiarplass i vekas rykande ferske blad. Teksten er knytt til fagartikkelen frå AgriAnalyse, som tek for seg den ikkje alt for lystige stoda til dei viktige, grasproduserande mindre bruka i kystfylka.
Varaldsøy bondelag har hatt Lars Petter Bartnes på besøk, også her vart framtida for mindre bruk og kombinasjonsbruk diskutert.
Styresmaktene vil stimulera til planting av klimaskog i Rogaland. – Trea vil blåse over ende i første orkanen, meiner beiteentusiast frå Gjesdal, les meir på aktueltsidene.
Arnhild Erevik og Egil Byberg frå Forsand har bygd lausdriftsfjøs med mange smarte løysingar, blant anna eit utvendig fôrbrett som blir vippa opp etter at fôret er lagt ut. Går du med byggeplanar, kan du også få innspel som Tine har samla frå bønder som deler erfaringar frå eigne prosjekt.
Vår faste bidragsytar, Haren, er glad i kvardagspoesi på rundballane. Andre stikkord: Frukt og grønt, BvLoggen og marknadssituasjonen på gris.
Neste blad kjem i postkassane 7. oktober!