HØYR!

Åtvarar mot svenske tilstandar

feb 19, 2021

Me er rigga annleis

Masseavliving av høns i Sverige minner oss om verdien av mindre og spreidde besetningar i Noreg, meiner verpehønsprodusent Tone Steinsland.

Jane Brit Sande

I slutten av januar hadde Sveriges største eggprodusent, Claes Cedergren, utbrot av fugleinfluensa i produksjonen. Han er derfor i gang med å avlive 1,3 millionar verpehøner og 700 000 unghøner. Hans norske kollega, Tone Steinsland, kjenner på alvoret.

– Det gjer jo at me tenker litt ekstra på kva konsekvensar eit slikt utbrot vil få hjå oss, seier ho.

Steinsland & co. produserer kylling til verpehøner på Jæren i Rogaland. I 2006 flytta dei heile avlsbesetnigna lenger sør i fylket.

– Tanken bak det er at me kanskje kan unngå å bli like hardt råka om det skulle kome eit sjukdomsutbrot på husdyrtette Jæren. Dette er ein meir kostbar måte å driva på, men det er viktig å ta dette ansvaret, seier Steinsland.

Så langt har norske fjørfebesetningar gått klar for fugleinfluensa. Steinsland trur det er fleire faktorar som speler inn:

– Trekkfuglane sine ruter, og at produsentar er nøye og dyktige på smittevern har sitt å seie. I tillegg er kvar besetning mindre enn kva som er normalen i resten av Europa, og spreidd over heile landet, seier ho.

– Me er rigga annleis, men samstundes veit me at det ikkje er mogleg å sikra seg 100 prosent. I Noreg er konsesjonsgrensa 7 500 verpehøner per gard. Det er difor stor sjanse for at dersom me skulle få eit utbrot i Noreg, vil me kunne unngå like dramatiske konsekvensar som dei no opplever i Sverige.

Likevel er det mykje lærdom å ta med seg frå utbrotet i Sverige, i følgje Steinsland.

– Eg vonar at både politikarar og landbruksorganisasjonen ser kor viktig det er å ha eggproduksjon på gardsnivå, og at me ikkje riggar oss med industriproduksjon, slik som resten av verda i stor grad har gjort. Måten me drive på er bra både for dyrehelse, dyrevelferd og for å sikre forsyninga til den norske marknaden, seier ho.

Tilfellet i Sverige vil råka tilførselen i den svenske marknaden i lang tid framover.

– Det kjem dei til å merke dei neste seks til tolv månadane – minst. Me er sjølvforsynte på egg her i Norge. Men hadde, sei, 50 prosent av egga kome frå Sverige hadde dette råka oss også, seier Steinsland.

Stikkord denne saka: ,
Share This