HØYR!

– Dette vil råka sjølvforsyninga

4. februar 2022 | Dessutan

Det gode er at denne situasjonen er mogleg å endre med politikk.

– Situasjonen er alvorleg. Det er eit stort tal bønder som vil gi seg. Dette vil råka sjølvforsyninga, seier bondelagsleiaren i Vestland.

Jane Brit Sande

Nibio la nyleg fram ein rapport for mjølkeproduksjonen i Vestland. Dei nye dyrevelferdsreglane som trer i kraft i 2024 og 2034 gjer at fire av ti mjølkebønder vil kasta inn handkledet innan 2034. I alt må det investerast opp mot 2,8 milliardar kroner. Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag, er uroa.

– Rapporten viser eit enormt fråfall i mjølkeproduksjonen i fylket. Det er dramatisk, seier han til Bondevennen.

Mangelen på ressursar til å investera er årsaka til at mange vil legga ned.

– Mange bønder i Vestland har tatt investeringa og lagt om til lausdrift. Dei som er att, har lite jord og små kvoter. Dei har korkje driftsøkonomi eller investeringsmidlar nok til å gjere det same, seier Felde.

No er målet å snu situasjonen slik at ikkje så mange bønder gir seg, seier han.

– Det gode er at denne situasjonen er mogleg å endre med politikk. Men det trengst eit betydeleg løft i driftsøkonomi og investeringstilskot, seier Felde.

Han seier at mat- og landbruksminister Sandra Borch kan levera allereie i morgon.

– 200 millionar kroner vart løyvd gjennom statsbudsjettet i haust. Dei bør nyttast til å auka maksutbetalinga av tilskot. Då vil det vere fleire som investerer i Vestland. Det er Borch som bestemmer over dei midlane, men vil ho? Viss ikkje, tar me kampen i jordbruksoppgjeret, seier Felde.

Han håpar og trur at politikarane stiller opp for å snu situasjonen.

– Situasjonen er alvorleg. Det er eit stort tal bønder som vil gi seg. Me kan risikera å mista 20 til 30 prosent av mjølkevolumet i fylket. Då mister me verdiskaping, og det vil flytta matproduksjonen frå Vestland til andre område. Dette vil råka sjølvforsyninga, seier Felde.

Fylkesleiaren viser til at det i rapporten også kjem fram at areal vil gro att, og at det er i strid med dagens landbrukspolitikk.

– Eg noterer meg at det står at nabobruka til dei som legg ned, kan drive jorda. Det vil eg seie er ei overdriven tru på naboen. Det er ikkje sikkert dei heller kjem til å halda fram, seier Felde.

Rapporten er representativ for fleire område, seier han.

– Me ser same utviklinga i distrikta i andre fylke, slår han fast.

Bonden er klokkeklar på at det også er plass til dei små bruka i framtida.

– Eg støtter lausdriftskravet, og meiner at det også er mogleg med fjøs med mjølkerobot på bruk med 20 kyr. Utan denne moderniseringa, vil dei før eller sidan gå ut likevel, seier Felde.

Stikkord denne saka: ,