HØYR!

NRF-avlen må spissast

27. januar 2023

Me treng ei ku som fungerer godt i lausdrift og som held i minst fire laktasjonar.

Øyvind Steinnes vil ha eigne avlsbesetningar for å spisse NRF-avlen for betre haldbarheit.

Liv Kristin Sola

Mjølkebonde Øyvind Steinnes i Hovsherad i Lund, sør i Rogaland, vil ha eigne avlsbesetningar i NRF-avlen, etter modell frå andre land. Avlsbesetningane må få tett oppfølging og ha prioritet på å bruke eliteoksane før dei vert sett til eksport.
Ved å avgrense avlsarbeidet til utvalde besetningar vil miljøfaktorar som fôr, fôring og type oppstalling i større grad bli standardisert.

– Mange bønder er kritiske til NRF fordi dei opplever tala ikkje stemmer med det dei ser i fjøset. Dårlege bein, jur og jurslepp går igjen. I tillegg forsvinn gode oksar til eksport, seier Steinnes.

Ny teknologi og nye avlsstrategiar gjer at mange av dei beste NRF-besetningane berre får kviger etter dei beste mjølkekyrne. Geno vil få ei stor utfordring i å få nok avlsmateriale i komande åra. Ved bruk av avlsbesetningar med reservert sæd, meiner han genetikken vil spreiast utover på ein planlagt måte for å halde nede innavlsgraden.
I dag vert det rekruttert eliteoksar både frå lausdrift og båsfjøs. Steinnes vil spisse avlen for lausdrift.

– Det er framtida. Me treng ei ku som fungerer godt i lausdrift og som held i minst fire laktasjonar. Me treng eit avlsmål med nytteverdi som må vektast, seier Steinnes.

Han vil bruke oksemødrer frå andre laktasjon og eldre, og meiner gs-test og god oppfølging av avlsbesetningane vil gi eit godt bilete av dei beste oksemødrene. Slik finn ein dei beste kombinasjonane og kan bruke kjønnsseparert hanndyrsæd for å skreddarsy gode eliteoksar.

– Eldre kyr som har vist seg haldbare, spesielt med tanke på jur og bein, må vektast tyngre som oksemødrer

– Du vil få svakare avlsframgang.

– Ja, men med tanke på kva det kostar å fôre fram ei kvige som knapt varer i éin laktasjon, vil ei ku som mjølker litt mindre, men held i fleire laktasjonar, ha ein høgare økonomisk verdi for oss bønder, sjølv om me tapar noko i avlsframgang.

Tal frå kukontrollen viser at 38 prosent av kyrne vert slakta i løpet av første laktasjon. Ifølgje Steinnes er fjerde laktasjon den beste. Under ti prosent av norske mjølkekyr når fjerde laktasjon.

– Dei vert slakta lenge før dei har nådd potensialet sitt. Bonden betaler prisen for ei mislykka kvige.

Geno jobbar med å få ein indeks for haldbarheit. Steinnes meiner me treng ein indeks for nytteverdi, som koplar haldbarheit og fôreffektivitet, og speglar totaløkonomien til kua.

– Geno har gode kort med helse og fruktbarheit, men ikkje på haldbarheit og jur. Internasjonalt blir det stadig viktigare. Ei ku som fungerer godt i minst fire laktasjonar gir betre lønsemd for bonden enn ei kvige med høg avlsverdi som vert slakta etter to laktasjonar, seier han, og legg til: – Ei kjøtsett ku som vert slakta etter første laktasjon er ikkje ei god klimaku. Skal NRF vera ei klimaku bør ho halde i meir enn to laktasjonar.

Stikkord denne saka: ,