HØYR!

Vil ta forbrukaren i skule

Foto: Privat

Både næringa og produsentane må syte for at forbrukarane veit meir om kva dei bør handla i butikken, og kvifor

Skal effekten av «Matsjokket» vare, må forbrukarane forteljast kor genial sauen er, seier Håvard Helgeland, sauebonde og leiar i Rogaland sau og geit.

Jane Brit Sande

Etter NRK-programmet Matsjokket og episoden som handla om overskotet av sau, rullar saueprodukta endeleg ut i butikkane. Forbrukarar og butikkjeder har tilsynelatande fått augo opp. Vil effekten berre vere eit blaff, slik som høna var det etter NRK-programmet Forbrukerinspektørene i 2017, eller kan det vare?

– Det blir ikkje lett, men me må halde interessa varm, seier Helgeland.

– Eg meiner at småfeproduksjonen er noko av det mest bærekraftige innan matproduksjon, men det er vanskeleg å nå fram til forbrukaren med denne bodskapen.

Han seier at daglegvarekjedane har makt til å styra forbrukarane sine handlevaner. Folk tenker og handlar annleis enn før, og trendane kjem fortare, og endrar seg frå dag til dag.

– Både næringa og produsentane må syte for at forbrukarane veit meir om kva dei bør handla i butikken, og kvifor, seier han.

Helgeland meiner at næringa nå må jobbe for å gjere forbrukarane merksame på kva som er positivt med sau, som til dømes utnytting av utmark og det biologiske mangfaldet, og sauen si rolle i fotosyntesen.

– Her må nok næringa gjere eit felles løft, og utarbeida materiell som produsentar og lokallag kan nytta i tilgjengelege plattformar, som presse og sosiale media, seier Helgeland.

– Me må få forbrukaren til å tenke på kva mat han nyttar i løpet av eit år, og kva arbeid som må til for at han sjølv skal dyrka fram dette, eller kva verdi det har for han om andre skal gjere det for han.

Sauebonden vil at det skal leggast betre til rette for beiteutnytting på både små og store bruk, med støtte frå staten.

– Eg meiner ikkje berre økonomisk støtte. Eg vil også at kunnskap om matproduksjon skal inn i læreplanen, seier han.

Helgeland understreker også kor viktig det er at sauebøndene får betre økonomi. Skjer ikkje det, vil mange ha store problem med å halde fram i næringa, meiner han.

– Pengar må til. Helst i form av at forbrukaren forstår kostnadane me har, og er villig til å betala meir for produkta, seier han.

Stikkord denne saka: ,