Sjukare i sørvest: Slaktegrisen i Rogaland har meir sjukdomsmerknader enn slaktegrisen i resten av landet. No vil Fatland, Prima og Nortura samarbeide for å betre situasjonen. Foto: Istock

Fatland, Prima og Nortura i Rogland går ilag om eit prosjekt for å betre smågriskvaliteten.

Inge Midtveit,
veterinær og prosjektleiar, Animalia

Mattilsynets statistikk over sjukdomsregistrering (USR) viser at slaktegrisen i Rogaland har meir sjukdomsmerknader enn slaktegrisen i resten av landet. Årsakene til dette er samansette, men kvaliteten på smågrisen spelar ei viktig rolle. I prosjektet har me sett som mål at helsa på slaktegrisen i Rogaland, målt som USR-merknader, minst skal opp på nivået i resten av landet. Friskare gris er eit mål i seg sjølv, men det vil også kunne opne opp for at Austlandet kan ta i mot smågris frå Rogaland.

Slaktegrisen i Rogaland har meir sjukdomsmerknader enn slaktegrisen i resten av landet.

Inge Midtveit

Helse

Eit av dei tiltaka prosjektet skal arbeide med, er å kartlegge førekomsten av bakterien A. pleuropnomoniae (APP) som gjev lungesjukdom. Ved å undersøke APP i smågrisbesetningane vil ein kunne sette inn tiltak for å minske problemet på slaktegrisen. Me startar med å finne slaktegrisbesetningar med mykje og lite USR på hjartesekk- og brysthinnebetennelse, og så ta blodprøve ved slakting av vaksen gris frå smågrisleverandøren til desse besetningane.
Det er fleire typar av APP-bakterien og ikkje alle gjev sjukdomsproblem, men me veit lite om kva type som er mest utbreidd blant Rogalands 240 smågrisbesetningar.

Informasjonsmøte

Det blir halde informasjonsmøte på Tysværtunet tysdag 29. mars klokka 19:00. I sør-fylket vil det også bli sett opp eit møte, men tidspunkt for dette er ikkje fastsett.
Prosjektet er støtta med midlar frå Rogaland fylkeskommune. Animalia er eigar av prosjektet og har ansvaret for å leie prosjektet.  

Stikkord denne saka: ,