BN+

Meir gras: Det er ei viktig målsetjing for landbruket å auka grasavlingane. Foto: Ragnvald Gramstad, NLR.


Den nye vekstsesongen er snart i gang. Det er nå dei viktige avgjerslene kring rett bruk av næringsstoff og dei rette tiltaka i eng og beite skal takast. Her kjem råda:


Ragnvald Gramstad, rådgjevar, NLR-Rogaland

Gjødsling av innmarksbeite

Vi har om lag 500.000 daa innmarksbeite i Rogaland. Fleire av desse er godkjente som spreieareal for husdyrgjødsel. Det kan vera grunn til å sjekka dette opp på den einskilde garden, og eventuelt få areala endra eller utvida i lag med landbrukskontoret.
Dersom ein vel å nytta beite (har dette godkjent) som spreieareal, vil det vera naturleg i desse dagar å eventuelt tilføra anbefalt husdyrgjødselmengde per daa. Til dømes to til tre tonn blautgjødsel storfe/gris per daa. Hugs at det bør gå kring fire veker frå gjødsling til beiteslepp (hygienisering). Det er viktig med jamn tilførsle av næringsstoff gjennom heile beitetida. Grovt sett bør ein ha tilgjengeleg om lag eitt kilo N/daa/veke.

Eksempel på praktisk beitegjødsling:

Om våren

To til tre tonn blautgjødsel og eventuelt tilførsle av 10-15 kilo Opti NS per daa. Dersom ein vel å tilføra Se (selen) kan ein bytta ut Opti NS med Helgjødsel 18-1-10 m/Se. Kring 20 kg per daa.


Overgjødsling i beitetida
Ca. 15-20 kg KAN 27 eller Opti NS per daa ca. kvar femte veke. Dersom ein vil tilføra Se bør/kan ein erstatta KAN 27 med om lag 20 kg Helgjødsel m/Se per daa i byrjinga av juni.
Dersom ein vil tilføra for eksempel kobolt, kan ein nytta Helgjødsel tilsett både kobolt og eventuelt selen. (Ca. 40 kg per daa fordelt på dei to første gjødslingane om våren).

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.