Figur1. Faktorer som vil ha betydning for valg av fôringsstrategi. («Fôringsstrategier», Tine Rådgiving 2012)

Figur1. Faktorer som vil ha betydning for valg av fôringsstrategi. («Fôringsstrategier», Tine Rådgiving 2012)

Fullfôr, grunnrasjon, kompaktfôr, normfôring, eller fôring etter ønska avdrått. Lista er lang. Kva for fôringsstrategi passar ditt driftsopplegg?

 

Liv Kristin Sola
Alle mjølkeprodusentar har ein, meir eller mindre bevisst, strategi for fôring. Val av strategi er avhengig av ei rekke faktorar, alt frå fôrgrunnlaget på garden til kor mykje tid ein er villig til å bruke på fôringa (sjå figur).

Fullfôr (TMR)
Fullfôr er ei fullverdig fôrblanding som inneheld alle formidla i ei homogen og einsarta masse. Blandinga er einaste fôrmiddel, utan tillegg av anna fôr. Alle kyrne som går i same gruppe, får fri tilgang til den same blandinga, uavhengig av laktasjonsstadium og avdråttsnivå.

Grunnblanding (PMR)
Ei blanding av grovfôr, med eller utan kraftfôrmidlar. Kvar ku får sin individuelle rasjon av kraftfôr i tillegg, basert på avdrått og laktasjonsstadium.

Kompaktfôr
Kompaktfôr er ein måte å blanda fôret på, uavhengig av type fôrmidlar og næringsverdien i blandinga. Målet er at kyrne ikkje skal kunne sortere i blandinga.

Normfôring
Tildeling av kraftfôr etter avdrått og laktasjonsstadium, og etter vurdering av hald på kyrne. Fôring etter ønska avdråttsnivå Ein strategi der ein har mål for avdrått i besetninga og fôrar heile besetninga etter ein standard laktasjonskurve. Målet er at kyrne har tilnærma lik laktasjonskurve og at dei responderer på fôringa med ønska avdrått. Det tas ein vurdering etter 60 dagar, der ein aukar mengda kraftfôr til dei som ligg over kurven og reduserer kraftfôrtildelinga til dei som ligg under.

Vommiljø

Å fôra ei ku handlar om å fôra mikrobane i vomma slik at dei får optimale tilhøve til å gjera jobben sin. Jobben til mikrobane er å bryta ned fôrmidla slik at næringa vert tilgjengeleg for dyret. Vomma består av millionar av ulike mikroorganismar som har ulike oppgåver. Bakteriane som bryt ned stivelse og sukker i kraftfôret (amylolytiske), trivst på ein lågare pH enn dei som bryt ned fiber i grovfôret (cellulolytiske).
Dersom det er mykje stivelse i rasjonen, vil effektiviteten av fibernedbrytinga verta låg. Sluttproduktet av nedbryting av stivelse i vom er propionsyre, som er ei flyktig feittsyre. Høg produksjon av propionsyre senker pH som igjen reduserer aktiviteten til dei mikrobane som bryt ned fiber. Misforhold mellom stivelse og fiber i rasjonen, vil derfor kunne føra til sur vom og redusert utnytting av fiber. Mykje av næringsstoffa passerer då vomma utan å brytast ned, og vert dermed ikkje tilgjengeleg som næring.
Fullfôr for å oppnå stabil pH i vom Prinsippet med fullfôr er at mikrobane i vomma vert gitt ei stabil blanding som representerer heile rasjonen; den same blandinga for kvar munnfull. Teorien er at fullfôr gir høgare fôropptak. Årsaka er at fullfôr gir stabil pH i vom, noko som gir ei meir effektiv utnytting av fôret («Fôringsstrategier», Tine Rådgiving 2012).
Val av kraftfôrråvarer må avhenge av mengde og kvaliteten på grovfôrressursane. Skal fôring med fullfôr lukkast, må blandinga ha ein konsistens slik at kyrne ikkje kan sortera ut godsakene, eller skilja ut fôrmiddel dei ikkje vil ha. Tørrstoffprosenten i fullfôret kan variera frå 35 til 50 prosent. Ifølgje svensk mjølkeprodusent og fôringsekspert, Jan-Ove Brink, vil det vera vanskeleg å unngå sortering dersom blandinga har eit tørrstoffinnhald over 45 prosent.

Fôropptaket styres av avdrått

Ved fôring med fullfôr skal i prinsippet avdråtten styre fôropptaket. Ikkje alle kyr passar inn i eit slikt fôringsregime. Ein risikerer at kyr som går raskt opp i yting etter kalving har for lågt fôropptak. Kyr som er i sluttlaktasjon kan bli feite om dei ikkje er i stand til å regulere fôrinntaket. I ein slik strategi vil ein prøve å selektere på kyr som er tilpassa fôringsstrategien. Det viktig å få kalv i kyrne på rett tid. Haldvurdering er eit godt verkemiddel for å vurdere styrken i fôrblandinga. Kyrne må ha tilgang til fôr på fôrbrettet heile døgnet.

Lite utbredt i Noreg

Fullfôr som fôringsstrategi er ikkje vanleg i Noreg. Små besetningar, ofte med høg prosent innkjøpt kraftfôr, gjer fullfôr mindre interessant økonomisk, samanlikna med andre land. Auka mjølkeproduksjon på grunn av leige og kjøp av kvote, har gjort grovfôr til ein minimumsfaktor. Klima og jordsmonn gjer det vanskeleg å dyrka anna enn gras dei fleste stader. Fullfôr i driftsopplegg med robot kan vera ei utfordring. Kraftfôr er viktig for å trekka kyrne til roboten.

Unngå sortering med kompaktfôr

Erik Brodshaug, leiar i Topp Team Fôring, Tine Rådgiving, forklarar at målet med kompaktfôr er å mikse fôrblandinga så godt at kyrne ikkje kan sortera ut fôrmidlar som dei likar betre enn andre. Ideelt sett skal kyrne eta frå toppen av fôretstrengen og nedover i blandinga, utan å laga groper.
Kvifor? Når kua veit at det løner seg å sortere, vil ho bruka lenger tid ved fôrbrettet. Ho brukar lenger tid på å eta og leita etter godbitane. Tid som kunne vore nytta til kvile og drøvtygging, forklarer Brodshaug.
– I ein optimal situasjon skal fôrrestane som ligg att på fôrbrettet før ny utfôring, vera lik fôrblandinga som ligg klar til utfôring, illustrerer Brodshaug.
Enkelt å testa, men kan vera ei utfordring å få til i praksis. Når blandinga er homogen vil kvar neve ein plukkar vera ein representativ prøve som kan sendast inn til fôranalyse. Analysesvaret vil gje et faktisk bilde  av kva kyrne får i seg.

Blandeprosessen er det viktigaste

Optimalt tørrstoffinnhald i kompaktfôrblandinga ligg rundt 38 prosent, og ikkje over 40. Graset bør vera kutta ned til under 3-4 centimeter. Det er mest praktisk å nytta finsnittar og kutta graset ved innhausting. Rundballar kan vera ei utfordring å få kutta godt nok, ifølge Brodshaug. Lange strå aukar høve til utsortering. Ulike korn, roepellets og kraftfôrslag som inngår i blandinga bør blautleggast. Kraftfôrmidla skal klistra seg til graset slik at graset vert bærestoff for næringsmidla.
Brodshaug deler blandeprosessen inn i tre fasar:
1. Blautlegga kraftfôrmidlane, mineral og vitaminer til ein premiks.
2. Blanda gras og premiks.
3. Etterfase kor ein blandar inn eventuelt heilsæd eller anna strukturfôr som er finsnitta.
Det er avgjerande at fôrmidla vert blanda til ei homogen masse, uavhengig av type blandevogn. Ifølgje Brodshaug er tid, type blandar og tal på knivar i blandaren viktige faktorar for å få dette til. Vert fôrrestar hengande igjen langs veggane, vert miksen for dårleg. Enkelte blandarar er utforma slik at for å unngå fôrballar i miksen, må vatn tilsetjast etter at blandingsprosessen er i gang. Følg nøye med når under blandeprosessen og sjå at det vert ei homogen blanding. Sett i verk tiltak om det ikkje fungerer.

Fiber og struktur i fôret

Fiber i fôrrasjonen er viktig for drøvtygginga og for eit godt vommiljø. Fysisk struktur er knytt til partikkelstørrelse, dei karakteristiske stråa som skal gje prikkeeffekt i vomma. Kva den fysiske strukturen til fiber betyr, er eit aktuelt tema i fôringsmiljøet. Det er ulike meiningar om kor vidt hard mekaniske handtering øydelegg fiberkvaliteten, og om det har ein negativ effekt på vommiljøet, på fôreffektivitet og avdrått. Med kompaktfôr er vurdering av fysisk struktur til fiber i fôrrasjonen endra.

– Vanleg oppfatting er at struktur er synonymt med lange stråpartiklar i blandinga, men at det ikkje er lengden, men beskaffenheten det kjem an på. I surfôr med ekstremt høg fordøyeligheit, mest fritt for ufordøyeleg fiber (iNDF), spelar det lita rolle om graset er langt eller kort. Noko struktureffekt får ein uansett ikkje. Ved bruk av heilgrøde av mais, eller korn kor ein stor del av fiberfraksjonen er stengel og ufordøyeleg, oppnår ein like god struktureffekt, sjølv om ein kuttar ned til 3-4 cm partikkellengde, seier Brodshaug.
Den danske forskaren Niels Bastian Kristensen, har i seinare tid fokusert mykje på kompaktfullfôr. Han meiner at den fysiske strukturen i blandinga ikkje er vesentleg, men det er heilt avgjerande at det er nok fiber i rasjonen.
Målet til Kristensen er å koma nærmare sanninga; at fôranalysane er så korrekte som mogleg i forhold til det kua faktisk vert bydd, og at denne kunnskapen kan settast i system og nyttast til å utarbeida gode fôrplanar.

Optimaliser fôringa

Mange mjølkeprodusentar kan visa til topp resultat med tradisjonell fôring. Det handlar om kvaliteten på fôrvarene, kombinasjonen av fôrmidlar og kunnskap om fôring.
Eit viktig prinsipp er å ta utgangspunkt i dei ressursane ein har tilgjengeleg på garden. Det kan løna seg å ta ei vurdering om korleis ein nyttar jorda ein disponerer. Kan hende er det aktuelt å gjera endringar for å få maksimalt ut av jorda på garden. Brodshaug nemner heilsæd av korn som eit godt supplement til graset i norske grunnblandingar.
Ingen fôrmidlar vert betre bare ved å blanda dei saman med andre, men med ei blandevogn kan ein optimalisera blandinga ut frå dei ressursane ein har. Kjøper ein inn ei blandevogn for å blanda rundballar frå fleire ulike slåttar, så start med det. Bygg opp erfaringar frå botn. Etter kvart som kyrne responderer med auka avdrått, kan ein vurdera om ein ønskjer å endra på blandinga.
Ulike blandarar har ulik blandetid. Kvar brukar må sjølv finne den optimale blandingstida for sin blandar og sin fôrrasjon. Brodshaug presiserer at komposisjonen av blandinga må vera slik det er planlagt. Det krev nøyaktighet og ikkje minst kjennskap til tørrstoffinnhaldet i dei enkelte ingrediensane som inngår i blandinga.
Spesielt surfôret vil variera mykje i tørrstoffinnhald og utgjer som oftast brorparten av bidraget. Bommer ein her, kan næringssamansettinga variera mykje. Hovudfordelen med å blanda fôr er stabilitet i fôringa, men det inneber at ein har interesse og kunnskap nok til å laga en god blanding kvar dag året rundt.

bv39_fag2

Stikkord denne saka: , ,