BN+

Godt fôr: Frodig vekst i italiensk raigras. Foto: Anders W. Aune


Stor avling og god fôrkvalitet gjer fleirårig raigras til ein verdfull grasart uansett om ein sår i reinbestand eller i frøblanding. Eittårig og toårig raigras i lag vil gi tidleg vekst og god gjenvekst. Båe er konkurransesterke mot ugras.


Liv Østrem, NIBIO Fureneset
Anders Aune, NIBIO Fureneset/Stend vgs



Fleirårig raigras er ein innført art som ikkje er tilpassa vinterklimaet vårt på same måten som timotei eller engsvingel. Arten er derimot svært godt tilpassa ein lengre vekstsesong. Fleirårig raigras kan brukast i reinbestand, anten ein sort åleine eller fleire sortar i blanding og gir stor avling av god fôrkvalitet. Ei slik eng bør haustast tre gonger. I frøblanding er 10 prosent raigras det mest vanlege. Denne raigras-mengda gir auka avling og fôrkvalitet, men ved god overvintring kan raigras bli den dominerande arten sjølv med berre 10 prosent. Ei frøblanding med 10 prosent fleirårig raigras bør prøvast der ein elles ikkje tenkjer at fleirårig raigras vil overvintra. I ei blandingseng med meir strårike artar, vil fleirårig raigras overleva betre enn i reinbestand fordi mikroklima vil vera ulik i ei artsblanding enn om det berre veks raigras der.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: